Ny satsing: grøne investeringar
Ei ny søknadsordning hjå Kulturrom lyser ut 10 MNOK til grøne initiativ. Målet er at dette skal stimulere til kunnskap, samarbeid og skape varig endringar.
Teksten er henta og skreven om frå kulturrom si eiga heimeside.
- Lokal kulturaktivitet er eit godt grunnlag for berekraftige samfunn. Kulturrom jobbar for at det skal vere mogeleg å utøve og oppleve kultur uansett kvar i landet du bur. For å redusere klimaavtrykket til den fysiske infrastruktur i kulturlivet, vil Kulturrom utlyse 10 millioner til grønare investeringar, skriv kulturrom på eigne sider.
Kulturministeren begeistra over arbeidet
Ordninga vart lansert på Kloden teater som ligg på Økern. Der var både Terje Svindseth, leiar i BUL Oslo, vår generalsekretær Magni Hjertnes Flyum, og kulturministeren sjølv, Lubna Jaffery.
– Tilskotsordninga Grønare investeringer er eit bidrag til det grøne skiftet som ikkje går på bekostning av kvaliteten i produksjon og formidling av kunst og kulturuttrykk, men tvert om spelar på lag med kunst- og kultursektoren ei eiga evne til innovasjon, nytenkning, og grnne engasjement, sier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Nye moglegheiter til omstilling
- Med midler til Grønere investeringar skal det være enkelt å få tilskot til omstilling. Midlene skal stimulere til sirkularitet og ombruk av lokaler og utstyr. Det vil gje moglegheit for å leige inn ressursar, gjere moglegheitsstudiar for gjenbruk av material, systematisere interne rutinar for vedlikehald og dele kunnskap med andre, skriv Kulturrom på eigne heimesider.
Tiltaka skal bidra til (minst ein av) følgande:
- Mogeleggjere lokale initiativ
- Begrense kjøp av nytt utstyr
- Sirkularitet og ombruk av lokala og utstyr
- Styrka
- kompetanse
Søknadsfrist er 1. mars. Trykk her for korleis søke tilskot.
Kva gjevest det tilskot til?
- Grøn oppstart: tilskot til å leige teknisk utstyr i ein oppstartsperiode på opp til 1 år.
- Grøn kompetanse: tilskot til å forlenge levetida på eksisterande utstyr gjennom å bygge kompetanse, rutiner og nettverk for Reperasjon, drift og vedlikehald.
- Grøne lokaler: tilskot til å gjere moglegheitsstudier, kartlegging av eksisterande lokaler til eigna kulturføremål og bærekraftig materialbruk ved ombygging.
- Reperasjon av utstyr: tilskot til reparasjonar som gjev brukt utstyr nytt liv, til sørvisrapport, til å forlenge levetida på utstyret de har, samt på leige inn i påvente av reprasjon.
Fleire aktualitetar
Sjå alleKastar kleda for kreftsaka
Mannfolka i Fjærland Ungdomslag vedtok å gi det litle ekstra i år – eller eventuelt kaste det «litle ekstra» for ei god sak. I kalenderen for 2025, der halvparten av inntektene skal gå til Kreftforeningen, får du nemleg sjå 16 av Fjærlands stolte søner, like naken som dagen dei vart fødd.
27. oktober 2024
Pepperkakehuset i bygda
Julekampanje i Noregs Ungdomslag – Pepperkakehuskonkurranse! For å feire både at dei nye nettsidene til lokallaga snart kjem og verdien av Huset i Bygda, inviterer vi alle lokallag i heile landet til ein kreativ og smakfull konkurranse – lag ditt eige pepperkake-ungdomshus!
23. oktober 2024
Ny amatørteaterparaply er stifta
I dag har 13 ulike aktørar i amatørteaterfeltet stifta organisasjonen Teaterforbundet Norge. Ein paraply for dei som driv med amatørteater i Noreg.
22. oktober 2024