Påmelding Kven Veit? 2025
Påmelding for Kven Veit? 2025 er no open. Påmeldingsfrist er 8. januar.
Kven Veit? er ei nasjonal kunnskapstevling, eller quiz som vi med tida har vorte meir vande med å kalle det. Noregs Ungdomslag har arrangert tevlinga årleg sidan 1963. Her blir allmennkunnskapen testa, i tillegg til at deltakarane skal fordjupe seg i årets tema. Vi lagar temahefte, spørsmål, svarark og skjema til tre rundar med tevling. For kvar tevling får laga tildelt 10 kategoriar med til saman 30 spørmsål. Av desse er 6 spørsmål knytt til tema og ein kan altså lese seg opp på førehand.
Dei påmelde deltakarane i 2025 skal få eit djupdykk i norsk utvandrarhistorie. Dette er fordi 2025 markerer 200års-jubileet for norsk utvandring til Amerika. Vi skal ikkje avsløre for mykje av innhaldet i temaheftet no, men vi kan love at det blir spennande og lærerikt når de no skal få lese dykk opp på denne delen av norsk historie.
Viktige datoar:
- Påmeldingsfrist: 8. januar.
- Første tevlingsrunde: 20. januar - 7. februar. Dette betyr at laga må ha gjennomført tevlingsrunda i denne tidsperioden.
- Innlevering av svar frå første runde: 7. februar
- Andre tevlingsrunde: 10. februar - 28. februar
- Innlevering av svar frå andre runde: 28. februar
- Tredje og siste tevlingsrunde: 3. mars - 21. mars
- Innlevering av svar frå tredje tevlingsrunde: 21. mars
- Landsmøte og kåring av resultata: 25.-27. april under landsmøtet til Noregs Ungdomslag i Oslo.
Resultata frå dei ulike rundene blir publisert omtrent to veker etter at sekretariatet har motteke alle svar fra runda.
Så no er det tid for å samle tevlingslaga og melde dykk på. Påmeldingsskjema finn de her.
Fleire aktualitetar
Sjå alleKongens fortenestemedalje til Arnfinn Eng
Tysdag 28. januar blei Arnfinn Eng heidra med Kongens fortenestemedalje for sitt dedikerte engasjement for kultur og politikk, og for alt arbeidet han har lagt ned for å skape aktivitet i eige lokalmiljø.
28. januar 2025
10 tips til deg som skal arrangere årsmøte
Det er tid for årsmøte i både lokal- og fylkeslaga. Følgjer laget ditt mønsterlova til NU skal laget gjennomføre årsmøte seinast 15. februar, mens regionlaga må ha gjennomført årsmøtet innan 1. april.
21. januar 2025
Innkalling til landsmøte 2025
Noregs Ungdomslag kallar med dette lokallaga og fylkeslaga inn til landsmøte 26. og 27. april 2025. Møtet blir halde på Thon Hotel Opera i Oslo.
17. januar 2025