Hopp til hovedinnhold
Arrangement

Panelsamtale om bunaden under Arendalsveka 2024

Frivilligteltet var nesten fullt torsdag 15. august under Arendalsveka. Fagfolk, politikarar og interesserte hadde samla seg for å sjå panelsamtalen om kva som skjer om den norske bunadbruken blir innskriven på UNESCO-lista. Unni Irmelin Kvam, kjent frå Bunadspodden, leia samtalen, og hadde med seg ein bukett med spanande og kunnskapsrike gjester.

Fra venstre: Mette Vårdal og Iver Flyum BjørloFra venstre: Mette Vårdal og Iver Flyum Bjørlo
Desse var til stades under panelsamtalen: Eivind Falk, Norsk handverksinstitutt, Barbro Tronhuus Storlien, bunadtilverkar, Kornelia Minsaas, samfunnsdebattant, Mette Vårdal, kulturarbeidar, Åslaug Sem-Jacobsen, Senterpartiet, Iver Flyum Bjørlo, Unge VenstreDesse var til stades under panelsamtalen: Eivind Falk, Norsk handverksinstitutt, Barbro Tronhuus Storlien, bunadtilverkar, Kornelia Minsaas, samfunnsdebattant, Mette Vårdal, kulturarbeidar, Åslaug Sem-Jacobsen, Senterpartiet, Iver Flyum Bjørlo, Unge Venstre

I sju år har organisasjonane Norges Husflidslag, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Studieforbundet kultur og tradisjon, Norsk folkedraktforum og Noregs Ungdomslag jobba saman for å få den allmenne norske bunadbruken innskriven på UNESCOs representative liste over menneskeheitas immaterielle kulturarv. Vi har stått på stand, delt ut informasjonshefter, arrangert innspelsmøter med folk frå heile Noreg, og med stor målretta innsats har vi kome dit vi er no. I desember vert søknaden vurdert av komiteen til UNESCO under innskrivingsmøtet i Paraguay.

Vegen til innskriving er lang, fortel Eivind Falk, som har sete i UNESCOs Evaluation Body frå 2016 til 2019. Søknaden må gjennom fleire steg, inkludert godkjenning frå statsparten, UNESCOs sekretariat og Evaluation Body, før den endelege komiteen avgjer om den blir godkjend. Det er tre utfall: ja til innskriving, nei, eller ein "referral" som betyr at søknaden må omarbeidast og kan prøvast igjen om to år.

Fra venstre: Unni Irmelin Kvam, Eivind Falk og Kornelia MinsaasFra venstre: Unni Irmelin Kvam, Eivind Falk og Kornelia Minsaas
Foto: Torunn Elise Kveen

UNESCO-kommisjonen har fem domene som søknadene må dekkje, og ifølgje Falk treffer den allmenne bunadbruken i Noreg alle saman. «Det er eit tradisjonelt handverk, men det er også munnlege tradisjonar, ved at ein har historier rundt bunaden som blir overførte frå generasjon til generasjon. Det er utøvande kunst, då den er sterkt knytt til folkedans. Det er den tradisjonelle kunnskapen om naturen og universet, og det er høgtid og fest.» I Noreg brukar vi også bunaden på ein heilt særeigen måte. Vi brukar den til fest, høgtid, folkedans og middag på slottet. Men å redusere bunaden til berre eit plagg blir feil, ifølgje Falk. Bunaden skaper kontakt og dialog, og kan brukast av alle. Det finst knapt eit meir kontaktskapande plagg i Noreg, og det er denne kombinasjonen av mangfald, tradisjon, kreativitet og tilhøyrsle som gjer at UNESCO vurderer å skrive den norske bunadbruken inn på den representative lista. Men kven sin bunadbruk er det eigentleg som blir nominert? For, som Kvam seier: «Det er ikkje bunaden som er nominert, men bunadbruken.»

For å synleggjere den immaterielle kulturarven administrerer UNESCO lister og fortegnelser over verdas immaterielle kulturarv. Det er tre ulike lister og fortegnelser, som alle har ulike føremål:  UNESCOs representative liste over menneskja si immaterielle kulturarv (Representative List of the Intangible Cultural Heritage of Humanity) skal bidra til å løfte fram og synleggjere den immaterielle kulturarven. Lista skal også auke medvitet om tydinga av immateriell kulturarv og konvensjonen, samt oppmuntre til dialog og kreativitet.  UNESCOs liste over immateriell kulturarv med umiddelbart behov for vern (List of Intangible Cultural Heritage in Need of Urgent Safeguarding) skal gi oversikt over immateriell kulturarv som står i fare for å forsvinne, og bistå i arbeidet med å sikre vidareføring av sårbar kunnskap og sårbare praksisar gjennom vernetiltak.  UNESCOs fortegnelse over gode vernepraksisar (Programmes, projects and activities for the safeguarding of the Intangible Cultural Heritage) skal gi oversikt over og spreie informasjon om program, prosjekt og aktivitetar som sikrar vidareføring av immateriell kulturarv og som på ein god måte ivaretek konvensjonen sine prinsipp og målsetjingar.  Dei fem domena til UNESCO: - Munnlege tradisjonar og uttrykk - Utøvande kunst - Sosiale skikkar, ritual og festivitetar - Kunnskap og praksis som gjeld naturen og universet - Tradisjonelt handverk  Kjelde: Store norske leksikon: immateriell kulturarvFor å synleggjere den immaterielle kulturarven administrerer UNESCO lister og fortegnelser over verdas immaterielle kulturarv. Det er tre ulike lister og fortegnelser, som alle har ulike føremål:  UNESCOs representative liste over menneskja si immaterielle kulturarv (Representative List of the Intangible Cultural Heritage of Humanity) skal bidra til å løfte fram og synleggjere den immaterielle kulturarven. Lista skal også auke medvitet om tydinga av immateriell kulturarv og konvensjonen, samt oppmuntre til dialog og kreativitet.  UNESCOs liste over immateriell kulturarv med umiddelbart behov for vern (List of Intangible Cultural Heritage in Need of Urgent Safeguarding) skal gi oversikt over immateriell kulturarv som står i fare for å forsvinne, og bistå i arbeidet med å sikre vidareføring av sårbar kunnskap og sårbare praksisar gjennom vernetiltak.  UNESCOs fortegnelse over gode vernepraksisar (Programmes, projects and activities for the safeguarding of the Intangible Cultural Heritage) skal gi oversikt over og spreie informasjon om program, prosjekt og aktivitetar som sikrar vidareføring av immateriell kulturarv og som på ein god måte ivaretek konvensjonen sine prinsipp og målsetjingar.  Dei fem domena til UNESCO: - Munnlege tradisjonar og uttrykk - Utøvande kunst - Sosiale skikkar, ritual og festivitetar - Kunnskap og praksis som gjeld naturen og universet - Tradisjonelt handverk  Kjelde: Store norske leksikon: immateriell kulturarv

Tradisjon møter trend – ei kjelde til konflikt?

Andelen norske kvinner som eig ein bunad har no stige til 80%, medan andelen menn ligg på litt over 20%. Ei rask handsopprekking i teltet viste at alle i publikum hadde både ein eller fleire bunader. Dei siste ti åra har også interessa for bunad auka monaleg. Kornelia Minsaas fortel at blant unge har bunad blitt eit statussymbol. I hovudstaden er det i større grad vanleg å velje bunad utifrå kva ein likar best, som har resultert i at beltestakken frå Telemark er høgt representert blant bunadbrukarar frå Oslo og omland. Samstundes er det mange som ikkje har bunad, anten fordi ein ikkje har eit forhold til bunad eller fordi ein ikkje har råd, og det fører til at mange unge føler seg ekskluderte. Å sy sin eigen fantasistakk blitt meir og meir populært, som ein konsekvens av dette. Mette Vårdal trekk fram at det er i skjeringspunktet mellom dei tradisjonsberande bunadsentusiastane og handverkarane, og dei allmenne bunadbrukarane, at det kan oppstå utfordringar. Tradisjonen frå 1800-talet og 1900-talet er i utakt med korleis dei fleste brukar bunaden i dag. Dei siste ti åra har vi sett bunader som «pimpes», og det har kome andre måtar å bruke bunaden på. «Korleis skal vi ta imot desse nye bunadbrukarane?» spør Kvam.

«Det er viktig å hugse på at utfordringa med immateriell kulturarv er at det er ein levande tradisjon. Og levande tradisjonar er alltid i endring. Om ein frys ein levande tradisjon, døyr ho» seier Falk. Han legg til at ein tradisjon utviklar seg i fellesskap, og kor langt det skal gå er noko fellesskapet bestemmer. Dette er både kjernen og utfordringa, at ein kan skrive noko inn på lista, og oppleve at elementet som er skrive inn endrar seg så mykje over tid at tradisjonen ikkje lenger svarar til kriteria.

Både trendar og tradisjon endrar seg, seier Vårdal, men det er stor forskjell. Trendar endrar seg i eit høgt tempo, og er kostbart. Tradisjon er berekraftig, og endringane skjer mykje saktare. Spørsmålet er kanskje om vi har ryggrad til å ta den ideologiske kampen med bunadbrukarar som vel festdrakt, eller alternative skjorter? Å bytte ut ei silkeskjorte for kvar sesong er kostbart. Minsaas legg til at ungdom under 35 år ikkje har det same forholdet til husflid som den eldre generasjonen. Dei er vaksne opp med netthandel og reklame på mobiltelefonen, og er sjeldan ute i butikkane for å kjenne på materiala. Dei får opp influensarar på sosiale medium som har fått sponsa silkeskjorta si av bunadsforhandlarar, og blir påverka av dette. Dette bidreg til å skape forvirring rundt kva ein bunad eigentleg er.

fra venstre: Unni Irmelin Kvam, Eivind Falk, Kornelia Minsaas, Barbro Storlien, Åslaug Sem-Jakobsen, Mette Vårdal og Iver Flyum Bjørlofra venstre: Unni Irmelin Kvam, Eivind Falk, Kornelia Minsaas, Barbro Storlien, Åslaug Sem-Jakobsen, Mette Vårdal og Iver Flyum Bjørlo
Foto: Torunn Elise Kveen

Etter UNESCO? Kva no?

I 2020 vart Nidaros’ restaureringsverkstad skreve inn på UNESCOs liste over gode vernepraksisar. Dei samarbeidde med fleire land for å sikre handverkstradisjonen som trengst for å ta vare på dei gamle katedralane i Europa. Å gå fleire saman, seier Falk, er ein fordel, då det fostrar samarbeid og fellesskap på tvers av landegrenser, eller organisasjonar, som er tilfellet i bunadsnominasjonen. Men er ei innskriving ein garanti for vern?

Tradisjonsmusikken og dansen frå Setesdal vart skrive inn på UNESCOs representative liste i 2019. Anbjørg Lien, som er tilsett i Agder Fylkeskommune for å jobbe med bevaring av kulturen i Setesdal, har uttrykt uro for at Setesdal kulturen er utfordra. Dei slit med å ha kunnskaps- og tradisjonsberarar som kan føre det vidare til yngre generasjonar, og som eit resultat av dette vurderer dei å søke om overføring frå den representative lista til lista over trua immateriell kulturarv. Åslaug Sem-Jakobsen, som var opposisjonspolitikar då Setesdal vart skrive inn, fortel at det var ei forventing om auka økonomisk støtte etter innskrivinga. Å få verdsarvstatus er diverre ikkje ein garanti for plass på statsbudsjettet. Sem-Jakobsen bidrog til at Setesdal fekk ein million kroner ekstra i 2022, men dette var ei eingongsløyving. Etter dette såg ho ikkje meir til dei, og dei falt bort frå budsjettet. Vårdal peikar på at ansvaret først og fremst må ligge hos dei som søkjer om verdsarvstatus. Ein kan ikkje vente på økonomisk støtte frå staten, eller forvente at dei skal ta over ansvaret.

Barbro Storlien peikar på viktigheita av gode utdanningstilbod og lærlingplassar. «I dag er det fire fylke som ikkje tilbyr Vg2 saum og tekstil i det heile tatt,» fortel ho. Dersom Husfliden i Skien ønskjer ein lærling, så får dei ikkje ein lokal lærling frå Telemark. Dette er mindre attraktivt, fordi lærlingen truleg vil flytte etter avslutta læretid, som fører til tap av fagkunnskap. For, som ho seier, «...det er ikkje nok å ha lyst til å sy – vi må kunne sy.»

Iver Flyum Bjørlo legg til at det ikkje berre er dei som går saum og tekstil som treng denne kunnskapen. «Det er dei færraste av dei som får seg bunad som har teke saum og tekstil. Vi må passe på at denne kunnskapen, og kvifor det er viktig med handarbeidet og korleis ting blir laga, ikkje berre er noko ein skal lære på ei linje, men vi må lære tidlegare.» Om ikkje får du et kunnskapskille som ikkje er sunt, seier Flyum Bjørlo. «Eg har stor tru på at å få bunadbruken på UNESCO-lista vil få mange positive ringverknader.» seier Minsaas. «Det som er utruleg bra med bunaden er at det er eit allment plagg. Det er veldig trendy, folk vil bruke den, samanlikna med andre typar kulturtradisjonar.. (...) Vi må spreie kunnskap om tilverkinga, og kvaliteten, og gjere unge som skal bruke bunaden, klar over materiala, og korleis ein tar vare på desse plagga.»

Det er med andre ord berre å brette opp erma og fortsette arbeidet, både opp mot innskrivinga i desember, og i åra som kjem. Vi som representera dei fem organisasjonane som står bak nominasjonen skal jobbe for å betre utdanningstilbodet, verne om handverkstradisjonen og spreie kunnskap om bunadens unike rolle i den norske kulturen. 6.desember oppfordrar vi alle som ønskjer å feire bunadbruken rundt omkring i landet. Ta på deg bunad, eller berre ei sølje, eller noko anna du kjenner deg fin i, og ha ekstra fokus på den flotte handverkstradisjonen vi har i landet vårt. For som Mette Vårdal seier:

«Om det blir skrive inn 6. desember, så er alle dykk på UNESCOs verdsarvliste! Tenk på det då, folkens!»

Tekst: Lene Storhaug