Vellykka kulturhuskonferanse
Fredag og laurdag 20-21. oktober arrangerte Huset i Bygda og Noregs Ungdomslag kulturhuskonferanse på Flesland, utanfor Bergen.
Konferansen vart opna av fylkesordførar Jon Askeland i Vestland fylkeskommune.
Fordelt på dei to dagane deltok 56 personar på konferansen, med innleiarar frå kommunal, fylkeskommunal og frivillig sektor.
I løpet av dei to dagane konferansen varte var vi innom ulike tema som planarbeid, kunnskapsutvikling, rammevilkår, kva offentlege krav som gjeld for organisasjonseigde hus. Ikkje minst husøkonomi var viktig tema.
Blindeforbundet og Handikapforbundet deltok med viktige perspektiv og døme på universell utforming. Noregs Ungdomslag håper å fortsetje dette samarbeidet med webinar retta mot våre lokallag.
Vi håper òg at Kulturhuskonferansen i Bergen er starten på ein serie med huskonferansar og vil starte arbeidet allereie no i november med neste års konferanse. Har du innspel til tema eller føredragshaldarar tek vi gjerne i mot tips!
Har du spørsmål om konferansen kan de ta kontakt med:
Christoffer Knagehjelm: christoffer@ungdomslag.no
Ida Søderstrom: ida@ungdomslag.no
Her kan de laste ned innlegga under kulturhuskonferansen.
Programmet til konferansen finn de her: Program
Konferansen vart støtta økonomisk av Vestland fylkeskommune.
Fleire aktualitetar
Sjå alleAvslutningstale NORDLEK 2024
Les avslutningstalane frå Noregs Ungdomslag og Nordlek.
20. juli 2024
Foto frå NORDLEK 2024
Sjå bilete frå NORDLEK 2024 i Arendal.
18. juli 2024
FolkLeiarUng DANS
Søk om å bli med på FolkLeiarUng – prosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-23 år. Søknadsfristen er 9. august.
19. juni 2024