Vinnarane av Kven veit? er kåra
Årets vinnarlag av Kven veit? 2021 er kåra!
Tevlinga har i år har vore prega av coronavirus, stadige utsetjingar og postvesen som ikkje har vore heilt velvillig. Tross dette har laga stått på og gjennomført tevlingane etter beste evne. Nokre lag har krydra tilværet til tevlingsleiaren med ris, ros og underfundige kommentarar. Det er noko vi set pris på og håper laga fortsett med!
Av tevlingslaga er det eit lag som har vist eksepsjonelt høgt nivå gjennom heile tevlinga, med poenga 29-30-29 og det er Teaterlaget i BUL Oslo. Dette er nesten full pott i kvar tevlingsrunde! Vi gratulerer med overbevisande siger!
Under Teaterlaget er det meir jamt. Hugnad UL måtte i år, som i fjor ta til takke med andreplassen med 83 poeng. På tredje er det litt rokering i år, Fjærland Ungdomslag (Bøyum Camping), datt ned til femte, mens Bergen Ungdomslag Ervingen kapra tredjeplassen med 81 poeng. Hordalaget la seg i mellom på fjerde med 79 poeng.
Vi er i gang med planlegging av neste år og håper å sjå dykk alle, i ein tevling som forhåpentlegvis vert prega av godlynt konkurranseånd i beste NU-tradisjon, heller enn coronaviruset!
Takk til alle som deltok!
Her er heile resultatlista
Fleire aktualitetar
Sjå alleAvslutningstale NORDLEK 2024
Les avslutningstalane frå Noregs Ungdomslag og Nordlek.
20. juli 2024
Foto frå NORDLEK 2024
Sjå bilete frå NORDLEK 2024 i Arendal.
18. juli 2024
FolkLeiarUng DANS
Søk om å bli med på FolkLeiarUng – prosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-23 år. Søknadsfristen er 9. august.
19. juni 2024