Hopp til hovedinnhold

Klara Semb

Klara Semb vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1954.

Klara Semb 16 år i østerdalsbunadKlara Semb 16 år i østerdalsbunad

Klara Semb vart fødd 17.oktober 1884, i Kristiania. Ho vidareførte arven etter Hulda Garborg, og er mest kjend for sitt arbeid innan folkedans og bunad. Rettleiingsbøkane hennar om dans, har i stor grad definert den norske, organiserte folkedansen dei siste hundre åra. Og det var særleg turdansen som låg hennar hjarte nært.

I 1902 starta Semb i Bondeungdomslaget, der ho lærte songdansar frå Hulda Garborg. Året etter vart ho med på ein danseferd til Stockholm, noko som gjorde stort inntrykk på den unge Klara. I 25å-årsskriften for Noregs Ungdomslag skriv Hulda Garborg: «På turen til Stockholm var ei reint ung gjente med som synte sers givnad for dans og song. Det var Klara Semb, ho som sidan kom til å gjera so mykje godt arbeid for songdansen». I årene som følgde skipa Klara fleire leikarringar. Samtidig hadde ho ei deltidsstilling i avisa 17da Mai, var med i Det Norske Spellaget, og var skodespelar ved Det Norske Teatret. Da ho i 1911 fekk stipend til å reise til Færøyene for å studere songdans, var ho så inspirert då ho kom tilbake at ho sa opp alle desse stillingane, for å satse heile sin tid på målsaka og norsk folkedans. Ho gav ut Norske Folkedansar I. Dansevisor i 1922 etter eit opphald i Amerika, som innehaldt 50 viser av kjente diktatar som bl.a. Vinje, Garborg og Janson, med innleiing av Professor Knut Liestøl. Året etter kom Norske Folkedansar II. Rettleiding um dansen, med detaljerte skildringar av kvar dans, med både skjema og fotografiar. Dette verket blei viktig for det vidare folkedansarbeidet i Noregs Ungdomslag, og for norsk folkedans generelt.

Under okkupasjonstida var Noregs Ungdomslag ein organisasjon som kom på radaren til nazistane. Det siste valde styret NU hadde før krigstida var i 1941, og etter det vart styret teken over av nazistane. Men i dette siste styret før okkupasjonen satt Klara Semb. Ho var ikkje berre ein folkedanspioner, men eit sterkt engasjert samfunnsmenneske. Hennes engasjement for norskdom, fridom, fred og brorskap fekk ein ny dimensjon i desse åra, og ho vart eit samlingsmerke for bygdeungdommen. I åre 1940-41 reiste ho rundt i Noreg og heldt mange kurs i folkedans, og ho nytta høvet til å gi ein indoktrinering i norsk ånd og fridomsvilje. Det blir sagt at ho gav dei som høyrde på nytt mot og tru på framtida, i ein tid som var prega av frykt og usikkerheit. Kveldane vart gjerne avslutta med songen «Strid for fred» av Arne Garborg, og songen fekk ein spesiell betydning i denne tida. Det er lite truleg at nazistane var klar over kva Klara Semb haldt på med på denne tida, da dei nok ville satt ein stoppar for det ganske raskt.

Frå 1920-tallet til sin død i 1970, var Klara Semb den store autoriteten innan norsk folkedans. Ho lærte opp om lag 400 000 ivrige dansarar, og la grunnlaget for folkedanspedagogikk og instruktøropplæring. Ho står bak dei fire banda i Norske folkedansar, som på slutten av 1900-talet vart samla i to band av Noregs Ungdomslag. Frå 1927 til 1946 satt ho i styret for Noregs Ungdomslag, og vart sidan æresmedlem og fekk eit årleg stipend frå laget. vart utne

I 1954 vart ho utnemnt som riddar av St. Olavs Orden, for sitt omfattande arbeid for norsk folkedans og norsk bunadstradisjon.

Fleire heidersmedlemer

Foto av Hulda GarborgFoto av Hulda Garborg

Hulda Garborg

Hulda Garborg vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Grunngjevinga for utnemninga: «Ho har gjeve oss songdansen og gått i brodden for arbeidet med å ta uppatt norsk klædebunad.»

Foto av Elias MelværFoto av Elias Melvær

Elias Melvær

Elias Melvær vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Gunnar RødalGunnar Rødal

Gunnar Rødal

Gunnar Rødal vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2001.