Hopp til hovedinnhold

Tor Stalvik

Tor Stallvik vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2021.

Egil Bakka deler ut heidersprisen til Tor Stalvik i 2021Egil Bakka deler ut heidersprisen til Tor Stalvik i 2021

Tor Stallvik (til høgre i bildet), fødd 9. august 1941 i Bjugn no busatt i Ørland kommune, er ein særs viktig person for utviklinga av folkedansen i Noreg. Han har lagt ned eit solid arbeid for dansen lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

I Noregs Ungdomslag har Tor mellom anna vore aktiv i BUL Nidaros som leikleiar, formann i leikarlaget, formann i Uttrøndelag Ungdomslag samt ansvarleg for oppstart av lagsblad for fylkeslaget. Dei seinare åra har han vore aktiv i Vågå Ungdomslag og Gudbrandsdal Ungdomslag før han flytta heim til Stallvik der han no er aktiv i Ørland Ungdomslag.

Opp gjennom åra har Tor halde ei mengd med lagsleiarkurs på fylkes- og landsplan som instruktør i amatørteaterkurs, skriving av studiehefte, NU-handbok, organisasjonshistorie for NU samt utvikling av prosjektet BINU (Barn i Noregs Ungdomslag). Ikkje minst har han vore ein sentral instruktør innan dei fleste folkedanssjangrar gjennom i ei årrekke på sommarkursa og på mangfaldige instruktørkurs. Tor er ei viktig kjelde for inspirasjon og kunnskap for mange instruktørar og folkedansarar.

Tor var særs sentral i det omfattande revisjonsarbeidet av Klara Semb sine rettleiingsbøker “Norske Folkedansar – songdansar og turdansar”, han har gitt ut hefte om lokale dansetradisjonar og skrive innsiktsfulle folkedansartiklar. Tor har lagt ned eit stort arbeid spesielt med bygdedansane i Trøndelag og på Vestlandet, springleiken i Gudbrandsdalen, han har utvikla metodikk og halde fleire kurs i utlandet, mellom anna i USA. Tor har omsett fleire bøker til nynorsk, slik som Torbjørn Egners lesebøker. I samband med OL-opninga på Lillehammer var Tor ansvarleg for arrangementet der 250 dansarar og musikarar frå Gudbrandsdalen synte norsk folkekultur for heile verda.

Nasjonalt har Tor har vore tilsett og tillitsvald i NU, leiar i Nordlek, medlem i FolkOrg-styret samt leiar og medlem i Rådet for folkemusikk og folkedans.

I tillegg til å vere ein dyktig instruktør og eit godt organisasjonsmenneske er Tor ein miljøskapar av dei sjeldne med ei eiga evne til å få folk med, både her i Noreg så vel som i utlandet.

Tor har tidlegare motteke prisar som RFF-prisen i 1997 og Norsk Folkemusikkfonds pris i 2002, båe for sitt allsidige arbeid innan norsk folkedans.

Det er ingen tvil om at Tor er ein viktig person for både folkedansen, organisasjonsarbeid og for NU. Det er difor ei stor ære for oss i NU å utnemne Tor Stallvik, som den tolvte i rekka, til den høgthengande tittelen heidersmedlem i Noregs Ungdomslag.

Fleire heidersmedlemer

Foto av Hulda GarborgFoto av Hulda Garborg

Hulda Garborg

Hulda Garborg vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Grunngjevinga for utnemninga: «Ho har gjeve oss songdansen og gått i brodden for arbeidet med å ta uppatt norsk klædebunad.»

Foto av Elias MelværFoto av Elias Melvær

Elias Melvær

Elias Melvær vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Gunnar RødalGunnar Rødal

Gunnar Rødal

Gunnar Rødal vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2001.