Klara Semb-arkivet
Velkomen til Klara Semb-arkivet!
17. oktober 2024 er det 140 år sidan Klara Semb blei fødd. I Noreg er Klara kjend for å vere ein av dei store pionerane innan folkedans og bunad, og arbeidet ho la ned i løpet av si levetid lever vidare i leikarringer og bunadsarbeid over heile landet.
På denne sida finn du lenkjer til Klara Semb-arkiva - både hos Institutt for bunad og folkedrakt, og det heilt nylanserte arkivet til Norsk senter for folkemusikk og folkedans.

Samlinga etter Klara Semb blir tilgjengeleg digitalt
i 1966, fire år før ho døydde, testamenterte Klara Semb alle bøkene sine, og heile samlinga si til Noregs Ungdomslag. Samlinga er sett saman av bøker, kartotek, foto, avisutklipp, notar og ulike handskrevne og trykte papir. Bunadsamlinga vart send til Landsnemnda for bunadspørsmål - som no heiter Institutt for bunad og folkedrakt.
På midten av 1970-talet vart samlingane deponert hos Norsk senter for folkemusikk og folkedans. SFF er Noregs ledande fag og formidlingssenter for folkedans og folkemusikk, og arbeider med å fremme, verne og vidareføre norske folkemusikk- og folkedanstradisjonar. Senteret er akkreditert som rådgjevande organisasjon for UNESCO på vern og ivaretaking av immateriell kulturarv, og feire 50 år som kompetansesenter og arkiv i 2023.
Arbeidet med å digitalisere samlinga etter Klara Semb har pågått i over ti år. Det har vore eit pilotprosjekt, i eit samarbeid mellom NU og SFF. I 2023 gjorde vi ein avtale om å gjere alt av materiale digitalt tilgjengeleg gjennom Digitalarkivet, som er eigd og drifta av Arkivverket.
17. oktober 2024 markerar startskotet for lanseringa av den store samlinga etter Klara Semb. Bit for bit blir samlinga tilgjengeleg for alle som er interessert, med eit utplukka høgdepunkt kvar månad.

Høgdepunkt nr. 3
Song om Klara Semb sitt talent på ski, frå leikfest på Geilo, 1939


Høgdepunkt nr. 2
Her finn du eit spanande føredrag som Klara heldt i Bergen etter andre verdskrig, om dansens historie.
Høgdepunkt nr. 1
Denne kladdeboka blei brukt som kjelde i den reviderte versjonen av "Norske Folkedansar, turdansar", publisert i 1991.



Klara Semb 140 år!
I 2024 er det 140 år sidan Klara Semb vart fødd. Klara er rekna som ein pioner innan både bunad- og folkedansfeltet i Noreg, og ho hadde eit livslangt engasjement for norsk kultur generelt.