Høyringssvar til forslag til endring i forskrift for straumstøtteordning for frivillige organisasjonar
Innspelet vart sendt til Kultur og likestillingsdepartementet 18. desember 2023.
Kontaktperson: Christoffer Knagenhjelm. E-post: christoffer@ungdomslag.no. Mob. 48 00 48 17.
HØYRINGSSVAR FRÅ NOREGS UNGDOMSLAG TIL FORSLAG TIL ENDRING I FORSKRIFT FOR STRAUMSTØTTEORDNING FOR FRIVILLIGE ORGANISASJONAR
Noregs Ungdomslag (NU) viser til brev av 23.11.2023 om høyring til forslag til endring i forskrift for straumstøtteordning for frivillige organisasjonar.
Noregs Ungdomslag er ein kulturorganisasjon med føremål om å skape engasjement og levande lokalmiljø gjennom folkelege kulturaktivitetar. Organisasjonen vart stifta i 1896, og vi har i dag om lag 13 500 medlemmar og vel 310 lokallag rundt om i heile landet.
Vi har eit ansvar for å ta vare på og stadig aktualisere den tradisjonelle folkekulturen. Dette gjer vi for å styrke lokalsamfunna over heile landet. Medlemmene våre får høve til å utøve både tradisjonelle og nye kulturuttrykk, samtidig som dei lærer å organisere aktivitetane. Med det styrker vi òg samfunnet og demokratiet.
Gjennom Huset i Bygda (https://www.husetibygda.no/) (HiB) arbeidar NU for å løfte dei organisasjonseigde kulturhus som viktige kulturarenaer, og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar. Mellom anna tilbyr vi kurs og rettleiing til organisasjonseigde kulturhus og vi arrangerer hussamlingar og kulturhuskonferansar. Målsettinga er å skape framtidsretta bygg og at kvart enkelt kulturbygg skal bli synlegare og sterkare og få endå høgare status.
Kartlegging i regi av HiB viser det er over 5 000 organisasjonseigde kulturhus i Noreg. Dei aller fleste av desse husa er eigd av lag og organisasjonar utan tilsette, der drifta er tufta på omfattande dugnadsinnsats.
NU ser på det som svært positivt at det er etablert straumstøtteordning for frivillig sektor, og at den vert vidareutvikla i tråd med straumstøtteordninga for hushalda. Vi støtter difor intensjonane med endringane av eksisterande forskrift. Samstundes ber vi om det vert innført månadleg utbetaling av straumstøtta, på lik linje med hushald og landbruk.
For NU er det viktig at tilskots- og støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar er enkle og ikkje medfører omfattande søknad og rapportering for desse organisasjonane. Vi vil her framheve at det er svært store variasjonar i aktivitetsnivå og dermed straumforbruk for organisasjonseigde kulturhus. Mens einskilde har liten aktivitet er det òg mange hus med høgt aktivitetsnivå. Det er viktig at modell for utrekning fangar opp denne variasjonen slik at hus med aktivitetsnivå over gjennomsnitt ikkje vert straffa økonomisk.
Noregs Ungdomslag støttar elles Virke sitt høyringssvar til forslag til endring i forskrift for straumstøtteordninga for frivillige organisasjonar.
Vi støtter òg Virke sin oppmoding om at departementet inviterer frivilligheita i arbeidet med å evaluere effekten av tilskotsordninga på eit tidleg stadium.
Med vennleg helsing
Christoffer Knagenhjelm
Rådgjevar for politikk og kulturbygg i Noregs Ungdomslag
Fleire politiske dokument
Innspel til strategi for kulturfrivilligheit
Samla innspel frå Noregs Ungdomslag til ny strategi for frivilligheita. Innspelet vart sendt 31. januar 2023.
Innspel til ny Kulturmiljølov
Høyringinnspel av styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen og generalsekretær Magni Hjertenes Flyum om ny kulturmiljølov. Innspelet vart sendt 1.2.2023 til Klima- og miljødepartementet.
Innspel til handlingsplan for deltaking i Kultur, idretts- og friluftsaktivitetar
Innspel frå Noregs Ungdomslag til regjeringa sitt arbeid med ny handlingsplan for deltaking i kultur, idretts- og friluftsaktivitetar. Innspelet vart sendt 20. desember 2023 til Kultur og likestillingsdepartementet.