Hopp til hovedinnhold
Politikk

Innspel til partiprogram for 2025

Noregs Ungdomslag har sendt innspel til partia sine program for stortingsvalet i 2025.

Noregs Ungdomslag takkar for moglegheita til å kome med innspel til partiprogram for kommande fireårsperiode.

Noregs Ungdomslag er ein kulturorganisasjon med føremål om å skape engasjement og levande lokalmiljø gjennom folkelege kulturaktivitetar.

Organisasjonen vart stifta i 1896, og vi har i dag om lag 13 500 medlemmar og vel 310 lokallag rundt om i heile landet.

Noregs Ungdomslag er akkreditert som ekspertorganisasjon av UNESCO. Denne anerkjenninga stadfester organisasjonen sin status og posisjon innan opplæring, prosjekt, arrangement og opplysningsarbeid innanfor tradisjonshandverk, folkemusikk, folkedans, teater og språk i Norge.

Noregs Ungdomslag foreslår at de tek med desse områda inn i det nye programmet:

• Sørge for full og regelstyrd momskompensasjon
• Innføre momskompensasjon for nybygg, påbygg og ombygging av organisasjonseigde kulturbygg
• Sørge for at studieforbunda skal ha rett til full momskompensasjon
• Styrke desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg
• Etablere nasjonalt kompetansesenter for organisasjonseigde kulturhus
• Styrke tilskotsordningane Kulturrom disponerer

Momskompensasjonsordninga
I dag bestemmer stortinget kvart år kor mykje av momsutgiftene som skal kompenserast når statsbudsjettet vert vedtatt. Det betyr at staten tek inn avgift på frivillige aktivitetar og dugnad, og at frivilligheita ikkje veit kor mykje lag og organisasjonar får tilbake kvart år. For å både sikre og forenkle arbeidet med ordninga, ber vi om fullfinansiert og regelstyrd ordning.
Momskompensasjon for nybygg, påbygg og ombygging av organisasjonseigde kulturbygg

Noregs Ungdomslag ser at det i dag er systematisk forskjellsbehandling mellom lag og organisasjonar som eig kulturbygg og idrettslag. Vi kan ikkje sjå at det er naturlege grunner til slik forskjellsbehandling. Dersom til dømes idretts- og ungdomslag går samen om å bygge nytt allhus i bygda, får idrettslaget som eig kjellaren full momskompensasjon. Ungdomslaget som eig første etasje ingenting. Noregs Ungdomslag ber difor om same momskompensasjonsordning for organisasjonseigde hus, som for idrettsanlegg.

Studieforbunda skal ha rett til full momskompensasjon
Studieforbunda er i dag utelukka frå momskompensasjonsordninga for frivillige organisasjonar. Grunngjevinga er at verksemda i følge Lotteri- og stiftelsestilsynet «må anses som organisert av det offentlege og at det offentlege i stor grad står bak». Vaksenopplæringa er lagt til nettopp studieforbunda, av di staten ikkje skal styre denne opplæringa. At studieforbunda ikkje er del av kompensasjonsordninga meiner vi difor er forskjellsbehandling og ber om de vil medverke til å rette opp denne skeivheita.

Styrking av desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg
Kartlegginga i regi av Huset i Bygda viser at det er om lag 5 500 organisasjonseigde kulturhus i Noreg. Desse husa treng minimum to milliardar kroner til vedlikehald for å kunne møte dagens standard og krav. Samstundes er desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg sterkt underfinansiert. Dette har medverka til at fleire fylkeskommunar m.a. i periodar har innført søknadsstopp for å kunne handsame eksisterande søknadar.

Organisasjonseigde kulturbygg treng eit løft og styrking av tilskotsordninga for å ta att etterslep på vedlikehald og gjere bygga meir tenlege for dagens bruk og krav til tilgjengelegheit. Etablering av nasjonalt ressurssenter for organisasjonseigde kulturhus Dei organisasjonseide kulturhusa er viktige inkluderingsarenaer. Å ha ein stad å utøve aktivitetar er ein viktig faktor for utviklinga av lokalt kulturliv, uavhengig av kor du bor i landet.

Gode fysiske møteplassar medverkar difor til gode fritidstilbod, samhald og til heimstadidentitet.

Samstundes er det stort behov for å bygge kompetanse blant eigarane. Skal vi klare dette, er det naudsynt med nasjonalt kompetansesenter for organisasjonseigde hus.

Sidan oppstarten i 2010 har Huset i Bygda arbeidd systematisk med rådgjeving og kompetanseheving for dei organisasjonseigde kulturhusa i utvalde fylke i Norge. Dette har gitt god oversikt over husa, og ein ser at det er lettare for huseigarane å drifte og modernisere husa der prosjektet er starta opp. Denne kompetansehevinga trengs over heile landet. Arbeidet krev nasjonal koordinering og Noregs Ungdomslag og Huset i Bygda har
kunnskap og oversikt over feltet for å handtere og ta ansvar for eit slikt løft.

Styrking av tilskotsordningane Kulturrom disponerer
Ifølge Norsk musikkråd er berre ti prosent av lokala brukt til musikkøving eigna til føremålet. Talet på søknadar til Kulturrom har dei siste åra auka monaleg, frå 287 i 2018 til 757 i 2022. I 2022 var samla søknadssum til Kulturrom på 240 millionar kroner, mens samla pott var på 44 mill. Sjølv om Kulturrom har fått auke i løyvingane, er det med andre ord framleis stort behov for friske midlar. Noregs Ungdomslag håper difor at de vil jobbe for auka løyvingar, slik at
born og ungdom i heile landet får tilgang på både godt utstyr og gode lokale til sine kulturaktivitetar.

Fleire politiske dokument

Politikk

Høyringssvar til forslag til endring i forskrift for straumstøtteordning for frivillige organisasjonar

Innspelet vart sendt til Kultur og likestillingsdepartementet 18. desember 2023. Kontaktperson: Christoffer Knagenhjelm. E-post: christoffer@ungdomslag.no. Mob. 48 00 48 17.

Politikk

Innspel til strategi for kulturfrivilligheit

Samla innspel frå Noregs Ungdomslag til ny strategi for frivilligheita. Innspelet vart sendt 31. januar 2023.

Politikk

Innspel til ny Kulturmiljølov

Høyringinnspel av styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen og generalsekretær Magni Hjertenes Flyum om ny kulturmiljølov. Innspelet vart sendt 1.2.2023 til Klima- og miljødepartementet.