Hopp til hovedinnhold
Møte

Landsrådsmøte

Arrangør: Bergen ungdomslag Ervingen

Bli med på landsrådsmøte og NU-helg i Bergen 18.-20. oktober 2024.

  • BUL Ervingen, Kong Oscars gate 18, 5017 Bergen
  • Info kjem
Ei gruppe personars om snakker saman rundt eit bordEi gruppe personars om snakker saman rundt eit bord

Den 18.-20. oktober er det tid for landsrådmøte for fylkeslaga i Noregs Ungdomslag.

Landsrådet er eit rådgivande organ for styret, og er samansett av fylkeslagsleiarane. Landsrådet handsamar og gjev tilrådingar til styret i saker som styret legg fram for det. Landsrådet kan også ta opp eigne saker. Fylkeslaga har møteplikt på møtet, så dersom fylkeslagsleiaren ikkje har høve til å møte, kan ein sjølvsagt stille med ein annan representant frå fylkeslaget. Det er også mogleg å stille med fleire representantar frå fylkeslagsstyret om ein ønskjer dette.

Program

10.00

Velkomen

Status i organisasjonen

Nytt frå årsrapportane

Kva skjer framover

10.30

Rammevilkår

  • Korleis jobbar Noregs Ungdomslag med rammevilkår?
  • Nytt frå statsbudsjettet + litt om moms

Regionale kulturkretsar og regionale kulturfond

  • Korleis kan (og bør) fylkeslaga arbeide regionalt?

12.00

Nettsider til lokal- og fylkeslag

13.00 lunsjpause

14.00

NORDLEK2024 - evaluering og mimring

Sentrale arrangement i Noregs Ungdomslag

15.00

Fylkeslaga sin time

Her kan fylkeslaga ta opp det dei ønskjer. Det blir rom for å diskutere med dei andre laga og administrasjonen.

16.00 Landsrådsmøte slutt.

Fleire arrangement

Sjå alle
Kurs
  • Folkedans

FolkLeiarUng - andre samling

Oslo

  • 500,- for laga
Møte

Landsmøte 2025

Dronning Eufemias gate 4

  • Informasjon om prisar og påmelding kjem
Festival
  • Folkedans

ISLEK 2025

Úlfarsárdalur, Reykjavík, Island

  • Info kjem