Kurs
- Teater
Teaterkurs for vaksne
Hjarteleg velkomne til revykurs med Yvonne Algrøy!
- BUL Ervingen, Kong Oscars gate 15, 5017 Bergen
- 500
![Tre personar på ei scene, i militærkostyme](https://cdn.sanity.io/images/jdh5yyt4/production/4cc9724171d9f92d3902504b4ec9f44b30cc799b-3872x2592.jpg?auto=format&fit=max&q=75&w=1936)
Latterbrøl frå salen - korleis grave fram ein revysketsj?
Driv laget ditt med revy? Treng du eller laget inspirasjon til korleis de skal lage den perfekte revysketsjen? Då er dette kurset for deg.
Yvonne Algrøy er skodespelar, humorist og songar, og har i mange år jobba som revyinstruktør for voksne amatørar, og som kurshaldar for lokale amatørteatre, grupper og kor med showfaktor. Yvonne er tilknytta Vestlandske Teatersenter som instruktør for born og unge.
Kurset vil innehelde ulike bolkar:
- Oppvarming
- "Tørre å prøve"
- Praktiske øvingar
- Diskusjonar (kva må ein revy innehelde? Korleis vinklar eg ein aktuell samfunnssituasjon/nyhetssak til einsketsj?)
- Improvisasjonar
- Framsyningar for kvarandre
- Jakten på ein karakter/rollefigur
- Korleis gå frå tekst til scene?
- Eig eg det eg skriv?
"Eg vonar eg kan bidra til å frigjere galskapen ein revy treng!"
Velkomen, hugs: alt er lov, ingenting er feil!
Praktisk informasjon for deg som skal delta på kurset:
Ta med:
- Vannflaske
- Behagelige klede
- Låge skuldrar
- Godt humør
![Bilete av Yvonne Algrøy](https://cdn.sanity.io/images/jdh5yyt4/production/119fbb9593d0cd17a8a15caecb53b96394e22d1e-1366x2048.jpg?auto=format&fit=max&q=75&w=683)
Fleire arrangement
Sjå alleKurs
- Folkedans
FolkLeiarUng - andre samling
Oslo
- 500,- for laga
Møte
Landsmøte 2025
Dronning Eufemias gate 4
- Informasjon om prisar og påmelding kjem
Festival
- Folkedans
ISLEK 2025
Úlfarsárdalur, Reykjavík, Island
- Info kjem