Årets lokallag 2024!
Årets lokallag er UL Skjoldafjord!

Noregs Ungdomslag er stolte av vår organisasjonsstruktur som er tufta på frivillig arbeid i lokalmiljøa. Det er ein føresetnad at vi er styrt nedanfrå og opp, med frivillige i lokallag, fylkeslag og eit nasjonalt styre som gir føringar til dei tilsette på kontoret.
Styret i Noregs Ungdomslag oppretta prisen for å heidre og løfte fram det makelause arbeidet lokallaga våre legg ned kvar einaste dag for å skape levande og inkluderande lokalsamfunn. Lokallaga sit på kunnskap og erfaring innan aktivitet og kulturformidling som ikkje kan erstattast. Prisen er ei viktig anerkjenning av den innsatsen og det engasjementet som lokallaga våre viser, år etter år.
I år er det tredje gangen årets lokallag vert kåra.
Det er openbart at kåringa av årets lokallag skapar stort engasjement. Juryen ser at det vert lagt stadig meir flid i grunngjevinga av dei nominerte laga, stemmetala er generelt høge og videoane som laga lagar er gjennomtenkte og viser bredda og engasjementet til laga på ein fin måte.
I år nominerte styret i Noregs Ungdomslag fem lag som årets lokallag:
- Bergen Ungdomslag Ervingen
- Fjærland Ungdomslag
- Folkedanslaget Sølja
- UL Liv
- UL Skjoldafjord
Kriteria juryen skal legge vekt på er:
- Skape gode lokalsamfunn.
- Medverkar gjennom gode og varierte aktivitetar til å skape gode fritidstilbod
- Samhald og inkluderande møteplassar uavhengig av alder.
- Aktiv deltaking i fylkeslaga er og eit pluss.
Etter ei samla vurdering går prisen til eit lag som gjennom meir enn hundre år har vore ein kulturell bærebjelke i lokalsamfunnet. Med eit sterkt engasjement for kreativ utfalding og fellesskap, har laget klart å samle barn, ungdom og vaksne på tvers av generasjonar. Gjennom sitt inkluderande miljø og sitt målretta arbeid for høg kvalitet, har laget vorte ein uvurderleg ressurs for heile lokalsamfunnet.
Årets vinnar er UL Skjoldafjord!
Morten Eiknes var tilstades på landsmøtet og kunne ta i mot prisen på vegne av laget.
Noregs Ungdomslag gratulerer så mykje!
Her kan du lese meir om UL Skjoldafjord og deira aktivitetar.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Sentrumsløpet 2025 under Landsmøte i Noregs Ungdomslag
ASICS Sentrumsløpet har vore ein tradisjon på Austlandet sidan 1980, og sidan 2000 har Idrottslaget BUL vore arrangør for løpet. I år falt dette på same dag som Landsmøtet i Noregs Ungdomslag, og fleire deltakarar på Landsmøtet tok joggeskoa fatt for å springe gjennom Oslos gater saman med 17 000 andre.
26. april 2025


Gode, frilyndte ungdomslagsfolk, velkomen til landsmøte!
"Gode, frilyndte ungdomslagsfolk, velkomen til landsmøte!" Slik starta opningstala til styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen, laurdag 26.april. På ein solrik aprilsdag i Oslo, samla delegatar seg frå heile Noreg for å delta i Landsmøte, Noreg Ungdomslag sitt høgaste styringsorgan.
26. april 2025


Endeleg resultat Kven Veit? 2025!
Årets vinnarar av Kven Veit? er kåra. Det var vore ein tett pallplassering heile vegen, der få få poeng har skilt laga frå kvarandre. Til slutt blei det tre lag som endte opp øvst på pallen.
26. april 2025
