Hopp til hovedinnhold

Landsmøte 2025pågår noLes meir her

Nyheiter

Sentrumsløpet 2025 under Landsmøte i Noregs Ungdomslag

ASICS Sentrumsløpet har vore ein tradisjon på Austlandet sidan 1980, og sidan 2000 har Idrottslaget BUL vore arrangør for løpet. I år falt dette på same dag som Landsmøtet i Noregs Ungdomslag, og fleire deltakarar på Landsmøtet tok joggeskoa fatt for å springe gjennom Oslos gater saman med 17 000 andre.

Logoen til BUL Oslo

Idrottslaget i BUL blei stifta i 1913, og har lange, gode tradisjonar innafor idrettsgreiner som langrenn, skihopp, orientering og friidrett. Heile overskotet frå Sentrumsløpet går til Idrottslaget i BUL, som har som mål å leggje til rette for gode treningsmiljø, eit samlande miljø med sosiale tilstellingar og arrangement, gode trenarar og talentutvikling.

Dei har vore arrangør av Sentrumsløpet sidan 2000, og i år var det forventa rundt 17000 deltakarar i løpet. Sidan løpet falt på same dag som årets Landsmøte, blei det lagt opp til moglegheit for både deltaking og heiing under løpet. Nokre spreke representantar frå Noregs Ungdomslag tok utfordringa, og sprang gjennom Oslos gater med olavsrosa godt synleg for heiagjengen langs ruta.

Biletet viser to menneske, ei kvinne og ein mann, som spring maraton
Generalsektretær Magni Hjertenes Flyum og kulturrådgjevar Christoffer Knagenhjelm spring Sentrumsløpet. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug
Biletet viser to kvinner som springer maraton
Judith Moen frå Bagabu UL og Politisk nestleiar Tone Mjelde. Foto: Noregs Ungdomslag/Lene Storhaug