Gode, frilyndte ungdomslagsfolk, velkomen til landsmøte!
"Gode, frilyndte ungdomslagsfolk, velkomen til landsmøte!"
Slik starta opningstala til styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen, laurdag 26.april. På ein solrik aprilsdag i Oslo, samla delegatar seg frå heile Noreg for å delta i Landsmøte, Noreg Ungdomslag sitt høgaste styringsorgan.

Gode, frilyndte ungdomslagsfolk,
Velkomen til landsmøte.
Velkomen til ei helg for fellesskap, for moro og glede, for framtidsretta samtalar – og kanskje nokre friske diskusjonar.
For det passer seg, i 2025.
Vi lever i ei spanande tid – i ei uroleg tid.
Det brenner i verda – og det ulmar i demokratia våre.
Det som før var sjølvsagt, er ikkje lenger trygt.
Eg las her om dagen at ein av fem unge under førti i Storbritannia meiner at demokrati ikkje fungerer.
Dei vil heller ha ein sterk leiar som kan ordne opp utan innblanding frå parlament og folkevalde.
Det er krig i Europa for tredje året på rad.
og i Ungarn og USA går våre allierte presidentar til angrep på sine eigne demokratiske institusjonar.
Det er ikkje berre våpen som trugar oss – det er verdiane våre som står på spel.
Verdiane vi tek gitt: fridom, folkestyre og mangfald.
I slike tider blir det tydeleg at det frilyndte ikkje bare er ein koseleg kuriositet.
Å vere frilyndt betyr ikkje berre å tolerere andre – det betyr å stå opp for det du meiner er rett.
Å vere frilyndt betyr ikkje berre å prøve å forstå dei andre – det betyr folkeopplysning og danning.
Det frilyndte er motstand. Motstand mot ignoranse, mot intoleranse og mot autokrati.
Det frilyndt er demokratisk beredskap.
For over 150 år sidan blei dei første ungdomslaga danna, ikkje fordi nokon trong fritidsaktivitet,
men fordi folk trong opplysning, fellesskap – og eit språk å forme verda med.
Og no står vi her igjen.
I ei tid der historia minner oss om seg sjølv.
I ei tid der det blir stadig vanskelegare å høyre kvarandre.
Ei tid der algoritmar premierer sinne, og ekkokammer dyrkar fram harde frontar.
Då spør eg: Kva er det vi kan gjere?
Vi skal gjere det vi kan best.
Vi samlar folk,
og vi bygger tillit.
Vi lærer folk opp i deltaking og i praktisk demokrati –
med basarar, lagsmøte, songkveldar, teater, årsmøte og danseøvingar.
Og det høyrest kanskje lite ut. Men det er det ikkje.
Det er akkurat det som trengst no.
For kvar øving vi gjennomfører, så øver vi òg på å samarbeide.
For kvar dugnad vi inviterer til, så bygger vi meir enn eit nytt tak – vi bygger samfunn og vi bygger tilit.
For kvart medlem som blir møtt med respekt og får rom til å vere seg sjølv,
så vinn vi ein liten siger over intoleransen.
Det finst ikkje noko viktigare samfunnsoppdrag akkurat no
enn å skape møteplassar der ulike menneske møtast på like fot.
Der vi får kjenne at vi høyrer til.
Der vi kan meine ulikt – og likevel halde saman.
Vi er kanskje ikkje like mange i ungdomslaga i dag som før –
men vi er mange nok til å gjere ein forskjell.
Og historia viser at når grasrota rører på seg, då rører samfunnet seg med.
Vi skal ikkje berre vere ein del av sivilsamfunnet –
vi skal vere ein del av det som held oppe demokratiet vårt.
For sjølv om sivilsamfunnet i dag blir sett på som ein berebjelke i demokratiet,
så er det ikkje noko som er sjølvsagt.
Sivilsamfunn kan òg vere lukka, ekskluderande og autoritære –
det veit vi frå historia, og det ser vi rundt om oss i verda i dag.
Grunnen til at det norske sivilsamfunnet har blitt demokratibyggjande,
er at organisasjonar som oss har insistert på det.
På openheit. På deltaking. På rettferd.
På respekt for uenigheit.
På demokratiske strukturar – og på at alle skal kunne bli høyrde.
På våre frilyndte verdiar.
Det er på årsmøter og styremøter folk lærer demokrati i praksis.
Det er der folk lærer seg å vere ein del av eit fellesskap der ingen får viljen sin aleine.
Det er gjennom teaterøvinga og dansekvelden at vi lærer å høyre til –
saman med dei som er ulike oss sjølve.
Det er gjennom dette vi bygger eit samfunn som held saman –
ikkje fordi vi er like, men fordi vi respekterar kvarandres ulikheit.
Og det, gode landsmøte, det er det viktigaste forsvarsverket demokratiet har.
Så la oss bruke denne helga til å styrke kvarandre i trua på det frilyndte samfunnsprosjektet.
La oss bruke helga til å minne oss sjølve på kvifor vi står på i ungdomslaga.
La oss bruke helga til å styrke kvarandre –
så vi kan dra heim igjen og styrke lokalsamfunna våre.
La oss halde fast ved det som er vårt fremste våpen i møte med polarisering og apati:
Det levande, opne og frilyndte laget.
Så, gode landsmøte –
lat oss meine, vedta og diskutere det vi skal –
men lat oss også danse, spele, leike og prate.
For det er ikkje ein pause frå samfunnsbygginga.
Det er samfunnsbygging.
Det er den frilyndte demokratiberedskapen.
Og til sist vil eg lese frå Strid for fred av Arne Garborg:
«Men vita skal me og vona visst,
at ånd må vinna på troll til sist,
og vit på den varge villskap.»
Velkomen til landsmøte!

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Sentrumsløpet 2025 under Landsmøte i Noregs Ungdomslag
ASICS Sentrumsløpet har vore ein tradisjon på Austlandet sidan 1980, og sidan 2000 har Idrottslaget BUL vore arrangør for løpet. I år falt dette på same dag som Landsmøtet i Noregs Ungdomslag, og fleire deltakarar på Landsmøtet tok joggeskoa fatt for å springe gjennom Oslos gater saman med 17 000 andre.
26. april 2025


Endeleg resultat Kven Veit? 2025!
Årets vinnarar av Kven Veit? er kåra. Det var vore ein tett pallplassering heile vegen, der få få poeng har skilt laga frå kvarandre. Til slutt blei det tre lag som endte opp øvst på pallen.
26. april 2025


Årets lokallag 2024!
Årets lokallag er UL Skjoldafjord!
26. april 2025
