Desse får midlar av akademifondet i 2024
På landsmøtet i dag vart det offentleggjort kven som får tildelt midlar, av Angelina Christiansen frå Folkehøgskoleforbundet.

Oversikt over mottakarar av akademifondmidlar.
Folkeopplysning, mål- og kulturarbeid
Noregs Ungdomslag delar i 2024 ut midlar frå Akademifondet til tiltak innan folkeopplysning, mål- og kulturarbeid. Både enkeltmedlemmar, lokallag og fylkeslag i Noregs Ungdomslag har hattmoglegheit til å søke om opptil 100 000 kroner.
Søknadsfristen var 11. februar, og i søknadane er det lagt fram både planar og budsjett. For at søknadane skulle verte godkjende måtte det som informert verte sendt inn både rekneskap og rapport.

Kva er Akademifondet?
Akademifondet til framhjelp for norsk kulturreising blei oppretta som ei sjølveigande stifting etter at Rauland Folkehøgskule og Akademi blei lagt ned i 1988. Det var dei tre organisasjonane Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Folkehøgskuleforbundet som skipa skulen i 1973, og det var idégrunnlaget til desse organisasjonane som prega miljøet og drifta ved skulen.
Skulen blei raskt eit kultursenter i Raulandsbygda, særleg etter at Akademidelen fekk linjer for folkekunst. Når skulen blei lagt ned gjekk bygningane over til Raulandsakademiet AS, og folkekunstutdanninga heldt fram som del av Høgskulen i Telemark, no Universitetet i Søraust-Noreg. Her kom det seinare eit studietilbod i folkemusikk, og frå 2024 kjem det studietilbod i folkedans. På dette viset er Akademiet framleis ein viktig kulturfaktor i Rauland.
Frå statuttane for Akademifondet:
§5: Utdeling frå fondet
Akademifondet skal gje støtte til tiltak innan t.d. folkeopplysning, mål- og kulturarbeid. Så vel privatpersonar som lag, organisasjonar og institusjonar kan søkje om utdeling frå fondet.
Fondet kan på eige initiativ gje påskjønning til personar, lag, organisasjonar og institusjonar som fondsstyret meiner har gjort eit verdifullt arbeid.
Søkjaran skal leggje fram planar og budsjett. Fondet skal krevje rekneskap og rapport. Midlane kan krevjast attende dersom tiltak ikkje vert gjennomført eller midlane bevisleg har vore nytta til anna enn føresett.
§6: Søknadsfrist og utdelingstidspunkt
Søknadsfristen er 31.3 kvart år. Utdeling frå fondet skjer ved ei høveleg tilskiping i ein av dei tre organisasjonane t.d. årsmøtet.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Sakspapira til landsmøte 2025 er klare
Sakspapira har i dag blitt sendt ut til alle påmelde utsendingar, og alle lokal- og fylkeslag i organisasjonen!
29. mars 2025


Støtte til nytt prosjekt: "Sy bunaden sjølv!"
Det er med stor glede og entusiasme vi kan dele nyheita om at vi har fått tilsegn frå Sparebankstiftelsen DNB på 500 000 kroner til å starte opp eit nytt bunadsprosjekt i Noregs Ungdomslag. Gjennom prosjektet Sy bunaden sjølv! vil vi at fleire skal få kunnskap om og ferdigheiter i å sy sin eigen bunad.
28. mars 2025


Tilskot til prosjekt Opne Dører
Noko av det viktigaste NU sentralt kan gjere er å drive eit kontinuerleg arbeid for å bli kjent med aktiviteten i og behova til våre eigne lokallag. No har vi gleda av å fortelje at vi har fått 140 588 kroner i midlar frå ei ekstra tilskotsrunde hos Frifond til å gjere nettopp dette.
28. mars 2025
