Det er tid for Frifond
No kan lag som har aktivitet for barn og unge søke Frifond.

Frifond er ei stønadsordning oppretta av Stortinget, for å betre rammevilkåra for kulturarbeid for barn og unge. Har laget fem eller fleire medlemmar under 26 år, og eit aktivitetstilbod for desse? Då kan se søke Frifond.
Søknadsfrist 1. oktober.
Du finn meir informasjon om Frifond, retningslinjane og søknadsskjema her.
Rapportering
Snart er det og tid for å rapportere på Frifond-tilskotet de fekk i 2023. Meir informasjon om rapporten kjem.
Eit årshjul med Frifond
For dei som fekk tilskot i 2023
- 1. oktober 2023: Søknad frå lokallag til NU
- 10. desember 2023: Laga får svar på søknaden
- 31. desember 2023: Siste frist for utbetaling til laga
- 31. oktober 2024: Frist for å bruke opp pengane.
- 1. desember 2024: Frist for rapport til NU på tilskot søkt på i 2023.
Tilskotet skal bli brukt i perioden 31.10.2023-31.10.2024, same datoane gjeld for dei som søker om Frifond i 2024.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Sentrumsløpet 2025 under Landsmøte i Noregs Ungdomslag
ASICS Sentrumsløpet har vore ein tradisjon på Austlandet sidan 1980, og sidan 2000 har Idrottslaget BUL vore arrangør for løpet. I år falt dette på same dag som Landsmøtet i Noregs Ungdomslag, og fleire deltakarar på Landsmøtet tok joggeskoa fatt for å springe gjennom Oslos gater saman med 17 000 andre.
26. april 2025


Gode, frilyndte ungdomslagsfolk, velkomen til landsmøte!
"Gode, frilyndte ungdomslagsfolk, velkomen til landsmøte!" Slik starta opningstala til styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen, laurdag 26.april. På ein solrik aprilsdag i Oslo, samla delegatar seg frå heile Noreg for å delta i Landsmøte, Noreg Ungdomslag sitt høgaste styringsorgan.
26. april 2025


Endeleg resultat Kven Veit? 2025!
Årets vinnarar av Kven Veit? er kåra. Det var vore ein tett pallplassering heile vegen, der få få poeng har skilt laga frå kvarandre. Til slutt blei det tre lag som endte opp øvst på pallen.
26. april 2025
