No kjem regionale kulturfond
Regjeringa løyver 75 millionar til regionale kulturfond frå 2025. Det vert også full momskompensasjon for frivillige lag og organisasjonar.
Regionale kulturfond er ei heilt ny tilskotsordning på regionalt nivå, og skal forvaltast av fylkeskommunane slik som den desentraliserte ordninga for kulturbygg. Tilskotet på til saman 75 millionar kroner, skal stimulere til auka aktivitet og deltaking i kulturlivet, styrke samspel mellom profesjonelt og frivillig kulturliv og bidra til høgare kvalitet på̊ kunst- og kulturtilbodet lokalt og regionalt.
Det er usikkert korleis ordninga vert utforma, og dette er også delvis opp til dei ulike fylka. Forskrift for regionale kulturfond kjem på høyring i haust.
Regjeringa legg også opp til full momskompensasjon i 2025. I 2023 fekk Noregs Ungdomslag sine lag til saman 7 249 633 kroner. I 2024 har ein søkt om 8 151 785 kr. Svar på denne søknaden kjem i desember. Straumstøtta for frivillige lag og organisasjonar vert også vidareført.
Vi gler oss også over at det er føreslått auke 1 million kroner til FolkOrg, øyremerka Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk. For mange av våre lag, og resten av folkedans- og folkemusikkmiljøet er dette viktige arrangement.
For Noregs Ungdomslag er løyvinga for 2025 auka med 110 000 kroner til 3 070 000 kroner.
Fleire aktualitetar
Sjå alleDette er vinnaren av Peparkakehuset i bygda!
Vinnaren av Peparkakehuset i bygda er klart. Det er Bergen Ungdomslag Ervingen som vinn den gjeve utmerkinga i 2024, med deira spektakulære peparkaketolkning av Ungdomshuset Gimle!
19. desember 2024
Søk på bachelor i folkedans
No kan du søke om å gå ein bachelor i folkedans!
19. desember 2024
Påmelding Kven Veit? 2025
Påmelding for Kven Veit? 2025 er no open. Påmeldingsfrist er 8. januar.
9. desember 2024