Hopp til hovedinnhold

Søk Frifond noFrist 1. oktoberFrifond

Nyheiter

Nytt liv i gamle vegger

Korleis kan gamle bygg få nytt liv som kulturarenaer, og kva betyr dette for lokalsamfunn og kulturtilbodet i Noreg? Dette var hovudtema då over tre hundre deltakarar samla seg på Sentralen i Oslo for Rom for kultur – Kulturarenakonferansen 2024. Gjennom to dagar fekk deltakarane høyre inspirerande føredrag og diskutere korleis eksisterande bygg kan bli transformert til viktige arenaer for framtidas kulturliv.

Konferansen vart arrangert av Kulturrom, Kulturalliansen, NOKU, Norsk musikkråd, Noregs Ungdomslag, Norske Kulturarrangørar og Norske kulturhus og til stades var byplanleggjarar, arkitektar, kultursjefar, akustikarar og eldsjeler. Tema for konferansen sin første dag var transformasjon og lyd.

Første innleiar, Jesper Bo Andersen, viste fram eit døme på nettopp dette, då han tok oss med til Horsens Fengsel i Danmark. Statsfengselet hadde tent sin opphavlege funksjon i 150 år, men gjekk gjennom ei transformering i 2012. Då blei bygget gjort om til eit kultursenter, med fengselsmuseum, konsertarenaer, og cellene har blitt omgjorde til hotellrom. Her blir det halde utandørs konsertar og marknader i den gamle fengselsgarden, lukkede selskap i dei gamle salane, alt i eit gammalt bygg konstruert for å halde folk inne. Gjennom eit tett samarbeid mellom arkitekt og akustikar har dei, ved hjelp av kreative løysingar og bygningsintegrert kunst, klart å transformere det gamle fengselet til ein levande kulturarena.

Jesper Bo Andersen Rambøll presenterar eit gamalt fengsel omgjort til kulturarenaJesper Bo Andersen Rambøll presenterar eit gamalt fengsel omgjort til kulturarena
Foto: Mona Husby

For kva skjer når bygga vi har ståande rundt om i landet, ikkje lenger fyller dei behova dei opphavleg blei bygde for? Føremål og behov endrar seg over tid, og nye aktørar kan komme inn og blåse nytt liv i gamle veggar. Men kva er det som gjer at allereie eksisterande bygg blir rekna som ueigna til det dei blei brukte til? Er det våre auka og spesifikke behov som er den utløsande faktoren? Eller kjem kanskje akustikarar og universell tilrettelegging for seint inn i prosessen?

fire menn på scena under kulturarenakonferansen, pratar om tranformasjo for framtidafire menn på scena under kulturarenakonferansen, pratar om tranformasjo for framtida
Foto: Mona Husbø

I tillegg til dei gamle ungdomshusa, er det få andre døme på bygg som samla bygdene slik som dei gamle kyrkjene. Dei var datidas samfunnshus og bygdene sitt sentrum. Blant dei mange hundre kyrkjene rundt omkring i Noreg pågår det også eit transformeringsprosjekt. For kva kan kyrkjene brukast til når dei står tomme? England har hatt lang tradisjon med å bruke kyrkjeromma til nye ting, og det har kome både nattklubbar og kulturarenaer i tidlegare tomme kyrkjer. I Noreg har ikkje dette vore like utbreidd, men vi har nokre døme, som Jacobs kyrkje i Oslo. No er det starta eit nytt prosjekt i bydel Grünerløkka, der Sofienbergkyrkja har fått startkapital til å bli omgjort til ein kulturarena. Dette er eit spanande døme på å møte nye behov med allereie eksisterande kulturbygg.

Renate Remme Øverseth pratar om Trykkeriet på Fargernes, som har blitt omgjort til kulturarenaRenate Remme Øverseth pratar om Trykkeriet på Fargernes, som har blitt omgjort til kulturarena
Foto: Mona Husby

– Dei allereie eksisterande bygga vi har ståande rundt omkring i Noreg representerer små og store historiar som til saman utgjer historia om landet vårt, seier Karen Elkjær, frå Riksantikvaren. Men å ta vare på kulturminne betyr ikkje at vi skal setje ei osteklokke over bygget og la det stå uberørt til evig tid. For bygningar forfell når dei ikkje er i bruk.

Elkjær viste mellom anna til Bergen Kjøtt som eit døme på ein bygning som har fått eit heilt nytt bruksområde. Det blei bygd som ein margarinfabrikk i 1905, før det blei gjort om til ein kjøttforedlingsfabrikk i 1968. På byrjinga av 2000-talet blei fabrikken nedlagt, og bygget stod tomt i mange år. I 2010 opna bygget som kulturarena av Bergen Contemporary Art Project, før Stiftelsen Bergen Kjøtt tok over eigarskapet og drifta i 2019. No er det 2000 kvadratmeter store bygget eit knutepunkt i Bergen, og eit av dei viktigaste kulturhusa for musikk- og kunstproduksjon i Noreg.

Døma på innovative løysingar for bruk av gamle bygg var mange, og engasjementet stort. Også når politikarar blei inviterte til samtale rundt temaet.

– Tida for dei store, ekstravagante kulturhusa er forbi, seier Tage Pettersen frå Høgre. I staden bør det satsast på dei mindre kulturhusa rundt omkring i landet som allereie eksisterer. Han oppmodar kommunane til å leggje inn ekstra investeringar, til dømes i oppgradering av skular, slik at desse kan brukast som kulturarenaer. Dette vil vere rimelegare på sikt enn å bygge eit eksternt bygg.

– Ein kommune utan kulturliv er fattigare enn ein kommune utan pengar, seier Kathy Lie frå SV.

Trond Åm, Kathy Lie, og Tage Pettersen var invitert til å diskutere politikernes rolle og ansvar for kultur og kulturbygg.Trond Åm, Kathy Lie, og Tage Pettersen var invitert til å diskutere politikernes rolle og ansvar for kultur og kulturbygg.
Foto: Mona Husby

Dei var alle einige om at det må satsast meir på kulturarenaer i Noreg, men korleis? Og kven skal betale? Bygging av kulturarenaer, og oppgradering av eksisterande bygg, skjer i eit regionalt perspektiv. Det er derfor vanskeleg å løfte nasjonalt. – Det er få politikarar som er opptekne av kultur, meiner Trond Åm, som er kulturbyråd for Venstre i Trondheim. Kulturen kjem dessutan stadig til kort i møte med idretten – nye idrettshallar blir bygde, ofte på kostnad av kulturrom.

Dette blir også støtta av forbundsleiar i Norske Dansekunstnarar Live Rosenvinge under ei av parallellsesjonane dagen etter:

– Kvar gong eit barn blir fødd, følgjer ein kvadratmeter idrettsanlegg automatisk med. Det hadde vore nydeleg om det same kunne gjeldt kulturanlegg også.

Kristoffer Knagenhjelm pratar om huset i bygda under kulturarenakonferansen Kristoffer Knagenhjelm pratar om huset i bygda under kulturarenakonferansen
Foto: Mona Husby

Også Kristoffer Knagenhjelm frå Noregs Ungdomslag var på plass under konferansen og heldt eit innlegg om huset i bygda, som eit eksempel på å løfte fram allereie eksisterande kulturbygg. I Noreg har vi over 5000 organisasjonseide kulturbygg, og rundt 200 av desse tilhøyrer ungdomslag i NU. Nokre stader er dei lokale ungdomshusa dei einaste samlingsstadene i grender der det føregår mykje kulturaktivitet. Under 2 % av desse husa er bygde etter år 2000, og mange av dei blei bygde på starten av 1900-talet. Dei har difor stor kulturhistorisk verdi, i tillegg til å vere viktige forsamlingshus. Det er berekraft i å ta vare på det vi alt har, og mange av desse husa er framleis i dagleg bruk, men kommunane veit ikkje alltid om dei, og dei går under radaren for riksantikvaren.

Gamle bygg, fulle av historie, kan få nytt liv gjennom transformasjonar som ivaretek både kulturarv og moderne behov. Suksessrike prosjekt som Horsens Fengsel, Bergen Kjøtt og Sofienbergkyrkja er bevis på at samarbeid mellom ulike fagfelt og kreativ tenking kan opne dører for framtidas kulturrom. Likevel står utfordringa framleis – korleis sikre at kulturen får den plassen og dei ressursane den fortener i møte med samfunnsutviklinga? Svaret ligg i eit felles løft mellom politikarar, fagmiljø og lokale eldsjeler som ser verdien i å investere i dei romma som formar vår felles kulturelle framtid.

Tekst: Lene Storhaug