Hopp til hovedinnhold

Meld deg på NU-helgaPåmeldingsfrist 9. oktoberLes meir her

Nyheiter

Styrkar Landskappleiken og Landsfestivalen med éin million

Det var god stemning i dei gamle lokala til BUL i Oslo i kveld, då representantar frå Sp og Ap vitja Leikarringen. Dei hadde med seg ei god nyheit til folkemusikkmiljøet.

Hilde Reitan, styreleiar i FolkOrg, Åse Kristin Ask Bakke frå Ap, og Åslaug Sem-Jacobsen fra SPHilde Reitan, styreleiar i FolkOrg, Åse Kristin Ask Bakke frå Ap, og Åslaug Sem-Jacobsen fra SP

Tekst: Lene Storhaug

Før representantane frå Stortinget fekk prøve seg på dansegolvet – dans og spel frå Akershus stod på programmet denne kvelden, og dei hadde øvd i lunsjen – hadde dei gode nyheiter å kome med.

– Vi har høyrt om den positive utviklinga her, og at det skjer så mykje anna bra på folkemusikkfronten. Vi veit at det er fleire tradisjonsrike arrangement som er krevjande å finansiere, seier Åslaug Sem-Jacobsen frå Sp.

Regjeringa gir derfor eit ekstra tilskot til FolkOrg på ein million, øyremerkt Landskappleiken og Landsfestivalen. Vi håpar at dette vil styrkje desse arrangementa, seier Sem-Jacobsen.

Landskappleiken er Noregs eldste festival, og dette vil gjere det lettare å støtte dei lokale arrangørane og sørgje for at Landskappleiken lever vidare. Eg er så takksam, seier Hilde Reitan, styreleiar i FolkOrg, som er tydeleg rørt over tilskotet frå Stortinget.

Tilskotet til FolkOrg aukar med dette til 8,1 millionar, som er ein stor prosentauke frå tilskotet i 2024, som var på 6,85 millionar. Tilskotet skal vere permanent, og dei øyremerkte midla vil bidra til å oppretthalde kvaliteten på Landskappleiken og Landsfestivalen. Midla vil gjere det mogleg for lokallag over heile landet å ta på seg rolla som arrangør, seier Sem-Jacobsen til Magasinet Folkemusikk.

Hilde Reitan, Åse Kristin Ask Bakke og Åslaug Sem-JacobsenHilde Reitan, Åse Kristin Ask Bakke og Åslaug Sem-Jacobsen
Foto: Magni Hjertenes Flyum

Folkedans i vekst

– Vanlegvis er det mellom femti og seksti deltakarar på ei øving i BUL, fortel Torbjørn Bergwitz Lauen, leiar i Noregs Ungdomslag og leiar i Leikarringen i BUL Oslo. Enkelte gonger har dei vore så mange som hundre deltakarar. Interessen har auka kraftig dei siste åra. Etter pandemien var talet nede på åtte til tjuefem deltakarar, men vi ser at unge folk oppdagar folkekulturen og ønskjer å lære. Dei kjem gjerne utan forkunnskapar, men med eit stort ønskje om å lære dansen og vere med i miljøet. I fjor var fire hundre ivrige dansarar innom Leikarringen. Dette talet passerte dei allereie i juli, så interessa for folkedansen berre aukar.

Sidan 2022 har interessa for folkedans og folkemusikk auka. Dette skjer på tross av at kulturfrivilligdomen generelt har slitt etter pandemien.

Under pandemien hadde mange vore mykje for seg sjølv, og hatt heimebundne hobbyar. Når samfunnet opna seg, søkte folk nye aktivitetar og ville prøve nye ting. Lauen peikar på folkemusikkpuben til Kaffistova og Tuvas Blodklubb, som to arrangement som stadig trekkjer fleire folk, og som har gitt heile miljøet eit løft.

Åse Kristin Ask Bakke og Åslaug Sem-JacobsenÅse Kristin Ask Bakke og Åslaug Sem-Jacobsen
Foto: Magni Hjertenes Flyum

Også FolkOrg har opplevd stor medlemsvekst, og har store rekrutteringsprosjekt over heile landet, fortel Reitan.

– Det er verkeleg ei bølgje som brer seg over landet. Landskappleiken i år hadde fleire deltakarar enn nokon gong, og veldig mange av dei var unge og nye i miljøet.

– Leikarringen i BUL i Oslo klarte å fylle tre heile lag under Landskappleiken i år, og kunne nesten ha fylt opp fire, seier Lauen.

Trollstemthistoria om norsk folkemusikk, som gjekk på NRK i fjor, har også skapt stor interesse for miljøet, fortel Marianne Tomasgård, kveldens felespelar. Reitan stadfestar dette, og trekkjer fram at den nye redaktøren i NRK har vist stor interesse for folkemusikkfeltet, og at det er mykje god framsnakk på radio.

– Vi ser at fleire har lyst til å lære om den norske folkekulturen, seier Lauen. Då skal vi leggje til rette for at dei får ei god oppleving, og at dei kjenner seg sett. Vi har nesten ikkje reklame for Leikarringen, men får stadig nye deltakarar via gjetord. Når folk har hatt ei god oppleving, deler dei det vidare og tek med seg vener på neste øving. Slik veks medlemstala.

– Vi lever i ein uroleg verd, seier Reitan. Det er mykje krig i verda no, og det gjer kanskje at folk i større grad søkjer miljø der dei kjenner seg trygge, og det gjev også ein auka vissheit om kor viktig det er å ta vare på kulturarven.

– Kulturministeren har jo lova at ho skal lære seg springar frå Hardanger, seier Åse Kristin Ask Bakke frå Ap, og det kan ho jo gjere her!

Då kjem det ein invitasjon til Kulturdepartementet, seier Lauen, før dansen set i gang.

Åslaug Sem-Jacobsen og Åse Kristin Ask Bakke Åslaug Sem-Jacobsen og Åse Kristin Ask Bakke
Foto: Magni Hjertenes Flyum

Her kan du lese meir om saka i Magasinet Folkemusikk