Hopp til hovedinnhold

Søk Frifond noFrist 1. oktoberFrifond

Reportasje

Ungdomsmedverknad - ein skinheilag prosess?

Mange organisasjonar og kulturarenaer uttrykkjer ønske om meir ungdomsmedverknad, men tykjer det er utfordrande med å nå fram til dei unge. Kvifor er det slik? Under Kulturarenakonferansen på Sentralen delte representantar frå Holmlia Kulturhavn sine erfaringar med korleis ungdom kan involverast på ein reell og meiningsfull måte – ikkje berre som eit symbolsk plaster på såret, men som ekte deltakarar i utviklinga av framtidas kulturtilbod.

 fra venstre: Rozerin Fredriksen Herki, Mona Hassan Moalin, Ali Al Saedi og Einar Idsøe Østevik Eidsvåg  fra venstre: Rozerin Fredriksen Herki, Mona Hassan Moalin, Ali Al Saedi og Einar Idsøe Østevik Eidsvåg

– Mange er glade i å snakke om ungdom, seier Einar Idsøe Østevik Eidsvåg, moderator og prosjektleiar for Holmlia Kulturhavn. Men dei snakkar kanskje ikkje med dei. 

– Du må prate med ungdommen, seier Mona Hassan Moalin frå Ung i nabolaget og Holmlia Kulturhavn. Vaksne har ein tendens til å prate til ungdommar på ein ovanfrå-og-ned måte, og bruker sin eigen barndom som referanse i møtet med ungdommar. Dette blir ikkje alltid oppfatta som relevant, eller som utdatert og gamaldags, og kan bidra til å auke avstanden. Vi må også bli flinkare til å oppsøke ungdommane der dei faktisk er. Her er sosiale medium ein god arena, men det er Instagram og særleg TikTok som gjeld. Facebook er for vaksne og eldre. 

Mange vaksne bruker brukarrettleiing som eit «plaster på såret», noko dei må gjere for å vise at dei har gjort det, som ei slags fjør i hatten. Men brukarrettleiing inneber ofte å snakke om sårbare tema, og det er viktig at det ikkje berre er tomme ord, men at det som kjem fram i undersøkingane faktisk blir teke på alvor og brukt. 

– Ungdomsmedverknad er eit fint ord, men handlingane bør også vise det, seier Mona. Ungdomane blir kanskje inviterte på møte i starten av ein prosess, men så stoppar det der. Det må skje noko òg, seier ho. 

– Ungdomsmedverknad kan bli ein skinnheilag prosess, påpeikar Einar. Dersom det ikkje blir følgd opp, blir det som om dei vaksne seier «vi høyrer kva de seier, men vi vil ikkje gjere noko med det».

Av ungdom, for ungdom

Ali Al Saedi byrja med å gå på fritidsklubb sjølv, for å bli kjend med andre ungdommar og unge vaksne. Deretter fekk han meir og meir ansvar, og fekk etter kvart jobb både på Forandringshuset og i Utekontakten. Han trekker fram kor viktig det er med trygge vaksne på ungdomsarenaer. Etter fleire år på dei ulike arenaene kjenner han mange, og fungerer òg som ein brubyggjar mellom ungdommane og dei vaksne. Dette er eit godt døme på ein arbeidsmetode dei kallar ung-til-ung-metoden. 

– Her blir ein ung vaksen sett til å jobbe med ungdom. Dei er gjerne frå same stad, dei kjenner lingoen og kulturen, forklarer Rozerin Fredriksen Herki frå Holmlia Kulturhavn. Metoden er godt utarbeidd og systematisert på Forandringshuset, som blir drive i partnerskap med Unge Holmlianere, KFUK-KFUM Forandringshuset, Kirkens Bymisjon, Bydel Søndre Nordstrand og Fryshuset.

Eit anna tilbod som blei sett i gang etter ønskje frå den lokale ungdommen er H55, som blir drive av ungdom for ungdom. Dette bidrar til å gi ungdommane auka ansvarsmedvit, samt eit eigarskap til staden, huset og miljøet.

– Kvifor bruke folk utanfor subkulturen du prøver å komme i kontakt med? spør ho. 

Mona har òg god erfaring med ung-til-ung-metoden frå si tid i Utekontakten. 

– Vi byrja å tilsette ungdom hos oss, som var med på alle møte, med barnevernet, politiet o.l. Vi rekrutterte frå heile bydelen, ein gut og ei jente frå kvart område, for å ha eit representativt utval jobbande hos oss. Vi fekk mykje betre kontakt med ungdommane, og det betra forholdet til til dømes politiet. Ungdommane som jobba hos oss, blei då ein brubyggjar mellom ungdomsmiljøet og Utekontakten. Dette sette oss òg i kontakt med dei litt meir «usynlege» ungdommane, og ungdommar i kriminelle miljø, som forstod at det gjekk an å ta kontakt. Ein må ha målgruppa ein prøver å nå, i staben, seier Mona.

Rozerin, Ali, Mona og Einar pratar om ungdomsmedverknad under Kulturarenakonferansen i OsloRozerin, Ali, Mona og Einar pratar om ungdomsmedverknad under Kulturarenakonferansen i Oslo
Foto: Mona husby

Å snakke med – ikkje om og til

Kva er det ungdommane ønskjer seg i ein kulturarena?

– Helt ærleg, ein fritidsklubb med trygge vaksne, seier Ali. Rozerin meiner vi først må finne ut kva vi meiner med kultur. 

– Kva er kultur? Det er eit breitt omgrep. Eg ville kanskje definert det annleis enn Einar. Der du veks opp spelar inn. Det i seg sjølv er ein kultur, seier ho. 

Vaksne må ikkje late som dei har alle fasitsvara. Dei må vere seg sjølv i møtet med ungdommane, ikkje prøve å vere kule. Om du prøver å etterlikne lingoen utan å få det til, blir du fort gjennomskoda. 

Brukarrettleiing inneber òg å bli konfrontert med harde fakta, og tidvis ubehagelege sanningar. Kanskje møter du deg sjølv i døra, og finn ut at du har nokre fordommar du ikkje visste om. 

– Vi vil hjelpe ungdommar med å drøyme stort. Og då må vi byrje med kjernen, gjennom brukarrettleiing. Ungdommar hamnar fort i si eiga boble, uansett kor dei veks opp. Utfordringa blir kanskje å utvide bobla, og få dei til å innsjå kor mykje dei kan få til.

For at ungdomsmedverknad skal vere meir enn berre eit fint ord, må vi skape reelle arenaer der ungdommane ikkje berre blir høyrde, men der deira tankar og bidrag faktisk formar prosessane vidare. Ved å snakke med ungdommane, ikkje til dei, og ved å gi dei eigarskap til både kulturarenaer og samfunnsprosjekt, kan vi skape eit miljø der unge kjenner seg trygge, engasjerte og verdifulle.

Ungdommane er ikkje berre framtida – dei er ein viktig del av notida, og deira stemmer fortener ein sentral plass i utviklinga av våre felles arenaer og samfunn.

Tekst: Lene Storhaug