Praktisk informasjon for deg som er påmeld NU-helga 2023
Her finn du nyttige dokument og anna praktisk informasjon for NU-helga 2023.
Her finn du nyttige dokument og anna praktisk informasjon for NU-helga 2023.
Fullstendig program over alt som skjer finn du på lenka under. Her er det informasjon om tid, stad og innhald.
Møtet finn stad på Radisson Blu Scandinavia Hotel, Oslo.
Adresse: Holbergs gate 30, 0166 Oslo
Skal du overnatte er det innsjekk frå kl. 15 og utsjekk kl. 12.
Program
10.00
Velkomen, Torbjørn Bergwitz Lauen
Status i organisasjonen, Magni Hjertenes Flyum
Grafisk profil og nye nettsider, Torbjørn Bergwitz Lauen
11.15 Pause
11.30 Strategi husarbeid, Christoffer Knagenhjelm
13.00 Lunsj
14.00 NORDLEK24 – rekruttering og deltaking
15.00 Landsmøtet 2024 og arbeid med arbeidsprogram 2025-2026
16.00 Møteslutt
Nyttig lesestoff
Folkedanssamlinga skjer laurdag 28. oktober kl. 10-16 i Bygdelagssamskipnaden (BLS) med adresse Nordahl Bruns gate 22.
Denne samlinga er for erfarne folkedansarar og instruktørar der vi set fokus på erfaringsutveksling, inspirasjon, bygge nettverk, fagleg påfyll og ein sosial møteplass for dykk som dansarar og instruktørar. Det blir fokus på korleis lære bort god samdansteknikk, vi får sjå arkviklipp frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans, vi diskuterer og lærer av kvarandre gjennom dagen. Det blir også bolkar med fokus på nokre utvalde samdansar til NORDLEK 2024. Vi vil også ta turen inn i landsrådsmøtesalen for litt fokus på NORDLEK-stemnet. Det er Siri Mæland som er hovudinstruktør på samlinga.
Det blir felles lunsj med landsrådsmøtet kl. 13 på Radisson Blu Scandinavia hotell, fem minutt i gangavstand frå BLS.
Ynskjer du å vera med, men har ikkje meldt deg på endå? Ta kontakt på solveig@ungdomslag.no.
Admistrasjonen og styret i Noregs Ungdomslag reviderar no teaterstrategien som vart vedtatt i 2019. Mykje har skjedd både i organisasjonen og verda sidan den vart vedtatt, så vi ser at den treng ei oppfriskning.
På nettverksmøte blir det mogleg å gi innspel og kommentarar til denne, så det er lurt å ha lest igjennom denne før møtet.
Det er mogleg å bli med på møtet sjølv om ein ikkje har meldt seg på via skjema.
Tid: Sundag 29. oktober kl. 9-12, avsluttast med lunsj (PS: du må sende mail til mona@ungdomslag.no dersom du ikkje er påmeldt frå før og ynskjer lunsj)
Stad: Bygdelagssamskipnaden (BLS), Nordahl Bruns gate 22
Dette fyrste møtet for folkedansnettverket vil ta utgangspunkt i folkedansstrategien, og vi oppmodar alle til å lese seg opp på denne i forkant. Vi vil hovudsakleg ta for oss desse tema:
Det blir lagt opp til mykje gruppearbeid og diskusjon. I tillegg vil vi orientere om aktuelle folkedanssaker som NU sentralt arbeider med. Bli med for å påverke arbeidet med folkedans i organisasjonen vår!
Det er mogleg å bli med på møtet sjølv om ein ikkje har meldt seg på via skjema.
Tid: Sundag 29. oktober kl. 9-12, avsluttast med lunsj (PS: du må sende mail til solveig@ungdomslag.no dersom du ikkje er påmeldt frå før og ynskjer lunsj)
Stad: Bygdelagssamskipnaden (BLS), Nordahl Bruns gate 22
Fredag 27. oktober kl. 19 byr vi inn til seminaret "Hulda Garborg og Klara Semb: Politikk, kultursyn og arbeid". Johan Einar Bjerkem fortel om kva dei to superheltane har betydd for Noregs Ungdomslag. Seminaret er ope for alle og det er berre å møte opp.
Tid: Kl. 19-21
Stad: Kjellaren på Kaffistova, Kristian IVs gate 2, Oslo
Har du meldt deg på felles middag via skjema så skjer dette laurdag 28. oktober kl. 17-18:30, på Kaffistova med adresse Kristian IVs gate 2.
Menyen er heilstekt ytrefilet av storfe med peparsaus, stekte grønsaker og urtebakte småpoteter, samt sjokolademousse med marinerte bær til dessert.
Det blir felles avgang frå Radisson Blu Scandinavia hotell på Holbergs plass kl. 16:45 for dei som ynskjer.
100 år med bygder i byen – BLS 100 år! Kl. 19 laurdag kveld skal vi feire Bygdelagssamskipnaden, fylkeslaget i Oslo, sitt 100-årsjubileum. Det er festframsyning på Det Norske Teatret. Etter framsyninga blir det dans til Østerdølenes Spellmannslag og lett servering i foajeen. Arrangørane oppmodar om å koma festkledd, gjerne i bunad.
Har du bestilt billett via påmeldingsskjema til NU-helga vil du få utdelt billetten før forestillinga av NU-administrasjonen. Har du ikkje bestilt via oss er det framleis ledige billettar å få kjøpt her.
Stad: Det Norske Teatret, Kristian IVs g. 8. Er du med på middag på Kaffistova går vi i samla tropp til teatret.