Hopp til hovedinnhold

Send inn Frifond-rapportFrist 6. desemberLes meir her

Politikk

Innspel til Riksantikvaren sin handverksstrategi

Innspelet vart sendt til Riksantikvaren 5. januar 2024.

Kontaktperson: Christoffer Knagenhjelm. E-post: christoffer@ungdomslag.no. Mob. 48 00 48 17.

INNSPEL FRÅ NOREGS UNGDOMSLAG TIL RIKSANTIKVAREN SIN HANDVERKSSTRATEGI

Noregs Ungdomslag (NU) viser til forslag til rammeverk for handverksstrategi, med frist for innspel 5. januar 2024.

Noregs Ungdomslag er ein kulturorganisasjon med føremål om å skape engasjement og levande lokalmiljø gjennom folkelege kulturaktivitetar. Organisasjonen vart stifta i 1896, og vi har i dag om lag 13 500 medlemmar og vel 310 lokallag rundt om i heile landet.

Vi har eit ansvar for å ta vare på og stadig aktualisere den tradisjonelle folkekulturen. Dette gjer vi for å styrke lokalsamfunna over heile landet. Medlemmene våre får høve til å utøve både tradisjonelle og nye kulturuttrykk, samtidig som dei lærer å organisere aktivitetane. Med det styrker vi òg samfunnet og demokratiet.

Generell kommentar til utkast til handverksstrategi

Riksantikvaren (RA) har satt i gang eit viktig arbeid med ny handverksstrategi og stiller oss bak problemstillingane som er reist i utkastet.

Vi oppfattar det slik at Riksantikvaren særleg ber om tilbakemelding på dei tematiske punkta i utkast til handverksstrategi:

  • Korleis sikre naudsynt handverkskompetanse og kapasitet i heile landet?
  • Korleis medverke til føreseielegheit for handverkarar og byggenæringa?
  • ·Korleis stimulere til relevant kunnskapsutvikling?

Mykje av tradisjonshandverket i Norge vore ivaretatt, formidla og vidareutvikla av frivillige lag og organisasjonar. NU framheve at det òg er viktig at Riksantikvaren i strategiarbeidet ser heilskapen og den viktige rolla frivilligheita har når det gjeld tradisjonshandverk. Dette gjeld og kurs og opplæring.

NU støttar innspelet til Studieforbundet Kultur og Tradisjon og Norges Husflidslag. Det er viktig at RA anerkjenner rolla til kulturvernorganisasjonane på dette feltet og at strategien legg opp til samhandling, kompetanseutvikling og kompetanseutveksling med det breie kulturvernfeltet.

Skal vi klare å skape større føreseieleghet for både handverkarar og sikre naudsynt handverkskompetanse, samt å stimulere til relevant kunnskapsutvikling (jf. hovudtemaa i strategien) i heile landet, er det av vår oppfatning heilt avgjerande at arbeidet til SKT og frivillige lag og organisasjonar vert anerkjent i handverksstrategien til Riksantikvaren og strategien stimulerer til gode rammevilkår for denne sektoren i dette arbeidet.

Vi vil her særleg trekke fram kursaktivitetane til vaksenopplæringa, som til dømes Studieforbundet Kultur og tradisjon (SKT).

SKT er eit studieforbund for frivillige organisasjonar (https://www.kulturogtradisjon.no/medlemsorganisasjonar) som driv opplæring i folkeleg kultur som husflid, handverk, folkedans, teater, kystkultur og lokalhistorie, med meir. SKT fordeler eit statstilskot frå Kunnskapsdepartementet, og har ansvar for utvikling, tilrettelegging og finansiering av eit mangfaldig opplæringstilbod i medlemsorganisasjonane og lokallaga deira. Studieforbundet og medlemsorganisasjonane samarbeider med ulike fagmiljø om ymse utviklingsprosjekt.

Medlemsorganisasjonane og SKT tilbyr saman kurs og opplæring i heile landet, dei aller fleste arrangert av lokallag. SKT bistår i kursarrangøropplæring og organisasjonsutvikling. Som medeigar i Hjerleid handverksskole og gjennom eigne kurs, sørger SKT og medlems-organisasjonane for opplæring i enkelte vidaregåande fag som ikkje er å finne i det offentlege skulesystemet.

I tillegg fordeler SKT statstilskot på vegne av medlemsorganisasjonane og har ansvar for be handling av søknadar, rapportar og utbetaling av kursstøtte. Studieforbundet kultur og tradisjon er òg viktig aktør i innafor utvikling og ivaretaking av tradisjonshandverk ved at SKT skal legge til rette for fleire og betre kurs.

Vi er òg samd med SKT og Norges Husflidslag om at det er viktig at regelverk og økonomi ikkje står i motsetning til kvarandre. Vi registrerer m.a. at Lotteri- og stiftelsestilsynet som administrerer momskompensasjonsordninga i aukande grad gjev avslag eller avkorting til stiftingar og lag og organisasjonar som arbeidar for bevaring av kulturmiljø og handverkstradisjonar, med grunngjeving at vern av kulturminne er å sjå på som offentleg oppgåve. Mange lag og organisasjonar er avhengig av momskompensasjonsordninga og endra praksis vil få store økonomiske konsekvensar for eigarar og medverke til å skape dårlegare rammevilkår for bevaring av handverkstradisjonar.

Vi ønskjer RA lukke til med arbeidet med handverksstrategien.

Fleire politiske dokument

Politikk

Høyringssvar til forslag til endring i forskrift for straumstøtteordning for frivillige organisasjonar

Innspelet vart sendt til Kultur og likestillingsdepartementet 18. desember 2023. Kontaktperson: Christoffer Knagenhjelm. E-post: christoffer@ungdomslag.no. Mob. 48 00 48 17.

Politikk

Innspel til strategi for kulturfrivilligheit

Samla innspel frå Noregs Ungdomslag til ny strategi for frivilligheita. Innspelet vart sendt 31. januar 2023.

Politikk

Innspel til ny Kulturmiljølov

Høyringinnspel av styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen og generalsekretær Magni Hjertenes Flyum om ny kulturmiljølov. Innspelet vart sendt 1.2.2023 til Klima- og miljødepartementet.