Inkluder dei organisasjonseigde kulturhusa
Kulturhusa spelar ei avgjerande rolle i lokalsamfunna som arenaer for frivillig kulturarbeid, sosiale møteplassar og inkluderingsarenaer. Likevel møter mange organisasjonseigde kulturhus økonomiske utfordringar knytt til auka avgifter og manglande forskottering av spelemidlar.
Noregs Ungdomslag ber kommunane inkludere desse husa i ordningar for forskottering av spelemidlar og vurdere reduserte kommunale avgifter. Dette vil sikre meir likehandsaming mellom idrett og kulturfrivilligheita, samt styrke kulturhusa si rolle i lokalsamfunna.

Noregs Ungdomslag oppmodar om forskottering av spelemidlar og reduserte kommunale avgifter for organisasjonseigde kulturhus
Noregs Ungdomslag oppmodar kommunane om at organisasjonseigde kulturhus vert inkludert i kommunale ordningar eller retningslinjer for forskottering av spelemidlar og får reduserte kommunale avgifter.
Noregs Ungdomslag (NU) er ein kulturorganisasjon med føremål om å skape engasjement og levande lokalmiljø gjennom folkelege kulturaktivitetar. Organisasjonen vart stifta i 1896, og vi har i dag om lag 14 000 medlemmar og vel 310 lokallag rundt om i heile landet.
NU er akkreditert som ikkje-statleg organisasjon i UNESCO sitt arbeid med immateriell kulturarv.
Gjennom Huset i Bygda (HiB) arbeidar NU for å løfte dei organisasjonseigde kulturhusa (ungdomshus, samfunnshus, bygdahus og bedehus) som viktige kulturarenaer, og utvikle møtestader og verktøy som kan gjere dei lokale laga til meir kompetente huseigarar. Mellom anna tilbyr vi kurs og rettleiing til og vi arrangerer hussamlingar og kulturhuskonferansar. Målsettinga er å skape framtidsretta bygg og at kvart enkelt kulturbygg skal bli synlegare og sterkare og få endå høgare status. Huset i Bygda har m.a. utvikla den einaste samla oversikten over organisasjonseigde kulturhus i Norge (Husdatabase).
Kulturhusa er midtpunkt i grender og bygdelag og er viktige arenaer for frivillig kulturarbeid og som sosiale møteplassar. På denne måten medverkar dei til auka bulyst i distrikta. Husa er òg viktige inkluderingsarenaer i eit stadig meir fleirkulturelt samfunn og fungerer som motvekt til sentralisering.
Vi om at kulturhusa vert inkludert i kommunale ordningar eller vedtekter for forskottering av spelemidlar. Det er viktig med likehandsaming mellom idrett og kulturfrivilligheita. I dag har mange kommunar har praksis for å støtte idrettslag med forskottering av spelemidlar. Dette må òg gjelde for organisasjonseigde kulturhus.
Sjølv om kulturhusa har ei viktig rolle i det lokale kulturlivet, er heller ikkje dei forskåna for auke i offentlege avgifter. Kommunane har òg varsla betydeleg auke i offentlege vatn og avlausgebyr i åra framover. Saman med auka straum- og forsikringskostnadar, trugar dette husa sin rolle og posisjon som lokale kulturarenaer. Jf. forureiningsforskrifta § 16-5 kan kommunane ha ulike gebyrsatsar. Vi vil med dette oppmode kommunen om reduserte kommunale avgifter for desse husa.
Noregs Ungdomslag meiner dette er ein meir treffsikker ordning enn å vere avhengig av kommunale stønadsordningar, der lag- og organisasjonar må kjempe om kommunale tilskotsmidlar. Dette vil vere eit viktig signal til lag og organisasjonar, samstundes som ein slik ordning vil treffe breitt og sikre likehandsaming mellom lag og organisasjonar i kommunen, som eig lokale kulturarenaer.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Årets dans er lansert
No er årets dans lansert! Er du klar for lære deg den?
11. februar 2025


Myldrande liv i Hyen
På tampen av Januar månad, var NU-kontoret på besøk hjå ungdomslaget i Hyen. Der var det myldrandre liv på fredagsklubben, og mange unge som var interessert i ungdomslaget.
5. februar 2025


Kongens fortenestemedalje til Arnfinn Eng
Tysdag 28. januar blei Arnfinn Eng heidra med Kongens fortenestemedalje for sitt dedikerte engasjement for kultur og politikk, og for alt arbeidet han har lagt ned for å skape aktivitet i eige lokalmiljø.
28. januar 2025
